Ser du streken frå i år, ligg den veldig nært streken frå i fjor. Stabilitet er alltid greitt.

Nesten som i fjor – igjen

Enno kan vi ikkje lese strukturendringane i marknaden ut av traktorstatistikken, men John Deere festar grepet.

Publisert

Fire av ti nyregistrerte traktorar i oktober er leverte av Felleskjøpet. Det er eit uvanleg godt resultat for ein enkeltmånad. Konkurrentane får bruke tida til å kjenne etter kva dei kan vente/frykte om 5R blir ein suksess når den ein gong om ganske lenge får sleppe laus.

John Deere er samstundes merket som ligg lengst bak posisjonen på same tid i fjor. Det skal jobbast hardt heile vegen fram til nyttårsaftan for å ende opp på same nivå som i 2015. Når det er sagt: 2015 er året der John Deere hadde høgaste marknadsandelen i Noreg nokon gong. Marknadsandelen no er den tredje beste gjennom tidene.

Kvileskjær frå MF

25 nyregistreringar i oktober er labert til MF å vere. Til no å år er summen akkurat som etter ti månader i fjor, og marknadsandelen er berre ørlite ned. Det må vere lov å seie at MF-folket har takla endringane i Eik-kjeden utan å la seg påverke nemnande.

Valtra viser seg

Halvparten så store som JD i oktober, og nesten halvparten så store samla sett. Det er status for Valtra. Kor mange av oktober-traktorane som er demotraktorar og kor mange som er kundetraktorar veit vi ikkje. Difor vil vi nytte høvet til å minne om at resultat i enkeltmånader skal takast med ei klype salt. Det er resultatet over tid som er interessant. Og der er Valtra stødige. Marknadsandelen etter ti månader er identisk med same tidspunkt i fjor, og omlag der Valtra har vore jamt over sidan brotet med Felleskjøpet.

Nesten for New Holland

Det kan vere tungt å reise seg. Det veit traktorseljarane i A-K. New Holland har heller ikkje i oktober dei heilt imponerande tala, og ligg under normalen for året i år så langt. Dei blå får vende blikket framover og håpe på betre tider.

Fyrverkeriet Fendt

Femteplass i oktober og femteplass til no i år. Alt i september knuste Fendt si tidlegare bestenotering for eit heilår. Kvar einaste nye traktor ut året er å rekne som enda ein rekord. Avstanden nedover lista er blitt svært stor: Fendt er godt over dobbelt så stor som CaseIH. Og om du likar tal: Veksten Fendt har hatt frå i fjor er akkurat identisk med det totale registreringstalet for CaseIH til no i år: 117 traktorar.

Bom stopp for McCormick

Frå 1. oktober har McCormick berre ein importør i Noreg, med Aase Landbruk. Og for første gong på lange tider er det ikkje registrert ein einaste ny McCormick på ein heil månad. Sjølv om Aase naturleg nok har ambisjonar, må vi rekne med at McCormick vil minke monaleg i volum.

Det kan samstundes opne vegen for Zetor innatt på topp 10-lista, sjølv om også Zetor har tunge tider, på same vis som HCP-kompanjong Deutz-Fahr.

Svakt siste 12 månader

Ser vi på den løpande 12-månadersstatistikken, ligg dei siste 12 månadane ganske dårleg an, 420 traktorar bakom gjennomsnittet for dei ti føregåande 12-månadersperiodane. Året til no er 350 traktorar bakom normalen etter ti månader. Men heilt kritisk er det ikkje. Situasjonen no er berre den fjerde svakaste sidan 2006, og det går noko betre no enn i fjor.

Powered by Labrador CMS