Grei start på hausten

John Deere, MF og New Holland gir gass, mens Valtra og CaseIH bremsar. August er nesten oppe på normalt nivå.

Publisert

Totalt vart det registrert 223 nye traktorar i august. Gjennomsnittet siste 10 åra er 238, og årets resultat er ørlite framom både 2014 og 2015. Siste 12 månader er resultatet 3118 traktorar. Det er stadig dryge 11 prosent bak normalen for dei siste 10 åra, men samstundes nesten 100 traktorar betre enn førre 12-månadersperiode.

Styrka første- og andreplass

Som vi er vant med, ligg John Deere i tet. Etter stadig svakare tal månad for månad frå januar til juli, har hjorten fått ny kraft no på haustparten, med 29 prosent marknadsandel i august månad. Merk deg likevel at John Deere ligg ganske langt bakom fjoråret.

Også Massey Ferguson drar på, med betre tal enn i fjor. Begge merka er stødige og sikre på toppen av pallen.

Kamp om tredjeplassen

Valtra, som er mellom merka som er i spel når den nye forhandlarkabalen er i ferd med å bli lagt, har beskjedne 15 nyregistreringar siste månaden. Dermed er avstanden ned til fjerdeplassen redusert til 23 traktorar, og det forspranget kan fort bli henta inn. På fjerdeplass fin vi nemleg to merke: New Holland har meldt seg på att i konkurransen, og Fendt held stadig trykket oppe. New Holland og A-K er ivrige på å vinne att tapte jaktmarker, mens Fendt har full tenning etter sitt beste år nokon gong.

Lunkent vidare nedover

Dei seks merka frå sjette til 11.-plass tar samla nesten 16 prosent av marknaden. Her treng vi ikkje dei store superlativa. Bortsett frå CaseIH er det ikkje nemnande framdrift frå fjoråret, og for CaseIH sin del er årets framgang mest å rekne som ei delvis innhenting av tidlegare tap. Bortsett frå eit OK resultat for Deutz-Fahr, er det ingen av desse seks merka som har hatt nokon særleg god månad i august. Vi merkar oss at Claas ligg på to tredelar av fjorårsnivået, mens McCormick berre hadde ei nyregistrering i august.