2016 - grøn strek - starta heilt ok, men går minst like bratt ned som mange av dei føregåande åra.

Fram og tilbake er like langt

Januar starta godt. Februar er svakare enn i fjor. Men A-K har gjort noko. Kanskje.

Publisert

Vi skal ikkje gløyme John Deere, på ein svært så suveren førsteplass. Så solid og så langt framom resten at det nesten ikkje er meir å seie om det.

På dei neste plassane er det større intensitet. New Holland er oppe på andreplass, ein traktor framom Valtra, som i sin tur er åtte traktorar framom MF. Held det fram slik, kan det bli interessant å følgje med.

Glimt av pluss hos A-K

Både New Holland og CaseIH ser ut til å ha snudd den langvarige nedturen frå 2015. Begge har forsiktig pluss i teljinga. Ikkje dei store tala, men ein tendens som sikkert er hyggeleg å merke seg for dei det gjeld.

Mot normalt

Valtra og MF har litt større utslag i sine registreringstal, men i negativ retning. Det er slett ikkje normalt at merka på andre til fjerdeplass på registreringsstatistikken alle ligg i området 12,0 til 13,7 prosent marknadsandel. Det normale er at spennet er frå 10 til 18 prosent. Men så er det da også ymse unormalitet i vente på den norske maskinmarknaden, og Valtra og MF er begge påverka av det spelet.

Fendt festar grepet

Nest største framgangen frå i fjor har Fendt, som tar til å få skilt på ein god stabel traktorar av nye 300-serien som vart kontraktsfesta i fjor. Det kan sjå ut som at Fendt er i ferd med å styrke posisjonen sin i Noreg.

Små utslag vidare

På plassane bak Fendt og CaseIH er det ingen veldig store utslag. Claas er heilt identisk med februar 2015, McCormick har ein høvesvis stor tilbakegang i prosent, men elles snakkar vi om null til tre traktorar opp eller ned mot fjoråret.

Importørane

Felleskjøpa er klart i tet med sin tredel av kaka. Eik og A-K tar nesten 21 prosent kvar, mens Lantmännen er på 17 prosent. HCP har mellom fire og fem prosent og Lena/Aase har to prosent.

Totalmarknaden går ned 18 traktorar i februar i år mot februar i fjor. Takka vere ein sterk januar 2016 er året så langt 48 traktorar og 11 prosent betre enn dei to første månadane i 2015.

Powered by Labrador CMS