Ny utforming gir RoadBib betre kombinasjonseigenskapar mellom veg, åker og eng, meiner Michelin.
På årets Sima-utstilling fekk Michelin gull for modellen EvoBib (på biletet), som deler enkelte av eigenskapane til det nye RoadBib.

Michelin med landbruksdekk tilpassa meir vegkøyring

Dette er ikkje eit alternativ til Nokian Tri2, men noko heilt anna, meiner Michelin. Det nye dekket er strengt tatt eit landbruksdekk tilpassa meir køyring på veg, ikkje primært eit vegdekk.

Publisert

I første omgang kjem dekket i dimensjonane 600/70R30 (framme) og 710/70R42, tilpassa traktorar frå 200 hk. Michelin sjølve meiner at dette er "det første dekket på marknaden for denne traktorkategorien", og med det meiner dei å ha opna opp for eit heilt nytt segment. Barnet har fått namnet RoadBib.

Dekket er utvikla i samarbeid med europeiske landbruksentreprenørar. Undersøkingar viser at desse har traktorar som brukar opp mot halvparten av tida si langs vegen. Meir enn 80 prosent av kilometrane som blir køyrde er med asfalt eller veggrus under gummien, på veg til eller frå åkeren der jobben skal gjerast. Ikkje minst gjeld dette ved heimtransport av avling eller utkøyring av husdyrgjødsel.

– Poenget er å skape eit dekk som tek høgde for all denne vegkøyringa, men på same tid gir god trekkraft og flyteevne på voll, stubb og mjuk jord, nemner Michelin.

Som du alt har lagt merke til: Det tradisjonelle ribbemønsteret er forkasta, sjølv om vi enno ser spor etter det. I staden for er mønsteret delt opp i blokker med liten avstand seg imellom, og i midten ei rad langsgåande blokker som ligg ekstra tett. Litt inspirert av dekk til terrenggåande bilar. Dette mønsteret gjer at 40 prosent meir av gummien er i kontakt med vegbana heile tida samanlikna med tradisjonelle Michelindekk i same dimensjon. Eigne testa viser 25 prosent lengre levetid enn tradisjonelle landbruksdekk med logoen av den lett korpulente gummimannen på sida. Komforten skal også vere betre.

Dekkprodusenten meiner vidare at blokk-mønsteret skal gi betre sjølvrensing, mindre støy og mindre dieselforbruk, mellom anna fordi mønsteret gir mindre rullemotstand. Enkelte av desse eigenskapane har også dekket EvoBib, som vart lansert og premiert med gullmedalje på Sima.

RoadBib kjem på marknaden i 2018, og vil med tida bli tilgjengeleg i fleire dimensjonar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS