Registreringsstatistikken siste fem åra

3071 traktorar i 2015

Etter ein nesten middels god desember enda traktoråret 2015 på 3071 traktorar. John Deere vinn med god margin, før Massey Ferguson og Valtra.

Publisert

Tradisjonen tru er desember Massey Ferguson sin månad. 128 registrerte i adventstida og romjula bidrar til å knipe inn på nedgangen frå 2014, men enno manglar det 70 traktorar på at 2015 vart like god som førre året. Andreplass og nesten 20 prosent marknadsandel er likevel innanfor det MF-folket hos Eik er komfortable med, skulle vi tru.

Suveren John Deere

Førsteplassen er det ingen spørsmål om. John Deere er suveren, nesten 50 prosent større enn MF. Marknadsandelen er den beste John Deere har hatt nokon gong i Noreg, med 28,8 prosent. I ein elles svak marknad får Felleskjøpet skilt på nesten 900 traktorar. Det står det respekt av. Endringa på pluss 292 traktorar frå 2014 skuldast at det året var uvanleg svakt. Hjorten har fem gongar tidlegare vore over 1000 traktorar, men då har totalmarknaden vore vesentleg betre. Resultatet sikrar også FK tittelen som landets største traktorimportør.

Finsk sluttspurt

Også Valtra kom sterkt på slutten, og enda på eit klassisk Valtra-resultat om vi ser på marknadsandelen. I tal traktorar er der ein liten framgang frå 2014, som var eit heller svakt Valtra-år.

I Lantmännen Maskins siste heile år i Noreg kan dei elles notere seg at Claas held forma frå i fjor, i praksis heilt uendra med ein traktor i minus. Som importør blir det tredjeplass med 18,7 prosent.

Tidenes dårlegaste for New Holland og CaseIH

Årets verkeleg store tapar er New Holland, som aldri tidlegare har levert så få traktorar på eitt år i Noreg. Det er langt opp til pallen. Marknadsandelen er så vidt over 10 prosent, berre to tredelar av normalen.

På sitt vis står det enda verre til med CaseIH. Tilbakegangen er mindre enn hos New Holland (136 mot 162 traktorar), men for den raude betyr dette meir enn ei halvering. Også marknadsandelen stuper, frå 7,7 til 3,4 prosent. Mens CaseIH gjennom nær sagt alle tider har stått fjellstøtt mellom dei fire store og alle dei andre på ein heilt eigen femteplass, er no CaseIH på sjuandeplass, ein traktor framom Deutz-Fahr.

Frå grasrot-troppane i A-K kan det høyrest ut til at forklaringa er todelt: A-K maskiner har handtert prisoppgangen knytt til valutaendringane annleis enn dei andre importørane, med eit stort prishopp ved sist årsskifte. Det har vore vanskeleg å selje ut til kundane. I tillegg har det vore ei viss uro knytt til omstrukturering av delar av forhandlarnettet, som heller ikkje bidrar til styrka engasjement i seljarkorpset. Gjennom åra har også andre forhandlarnett vore gjennom det same, og erfaringsmessig kan det gi store utslag eine året, mens neste år er tilbake på normalen. For A-K sin del får vi tru at det er tilfellet også der.

Tidenes beste for Fendt

Fram til årtusenskiftet hadde Fendt under to prosent marknadsandel i Noreg. Dei fem neste åra låg kring tre prosent. Så stabiliserte tyskaren seg mellom 4,0 og 4,5 til 2012. 2013 vart eit rekordår. Men ingenting slær 2015, med 7,7 prosent, femteplass og den nye toppnoteringa 237 traktorar – attpå alt i ein fallande marknad. Kort sagt: Svært solid innsats frå Fendt, som også hjelper Eikmaskin til å bli berre halvanna prosentpoeng mindre enn dei to felleskjøpa i samla marknadsandel.

Svært svakt frå HCP

I våre tal finn vi berre eitt år der Deutz-Fahr og slekta har gjort det dårlegare enn i 2015, og det var 2009. Då reknar vi saman Deutz-Fahr, Lamborghini, Same og Hürlimann, som bortsett frå fargen er like. Her har vi å gjere med traktorar som har ei jojo-historie på registeringsstatistikken. I 1999 hadde dei til saman 325 nyregistrerte. Så duppa dei mellom 150 og 170 nokre år, med 184 i 2008 og 103 i 2009. Så bar det jamt oppover til 207 i 2012, og nedatt til halvparten i 2014. Ikkje bra.

Heller ikkje Zetor bidrar til fest hos HCP i Drammen. 48 traktorar er det dårlegaste talet nokon gong, sett bort frå unntaksåret 2000, då fabrikken i praksis sto stille.

Stødig frå Lena

Lena maskin og kollega Aase landbruk ligg litt framom 2014 med McCormick-registreringane. Merket er ein tidel så stort som MF, men det ruslar og går. JCB er derimot svakare enn normalt, kan hende litt prega av at folk har venta på nye 4000-serien.

Kubota er stadig ein parentes

Snakkar vi med dei store traktorleverandørane ute i verda, er alle spente på kva Kubota føretar seg. Kubota kan bli den neste store, er omkvedet. Men så langt har ikkje det skjedd her i landet. Ned frå i fjor, med totalt 39 traktorar på 11.-plass, det er ikkje noko å bli skremt av der enno iallfall.

Den norske traktormarknaden gjekk ned med to prosent frå 2014 til 2015. Det gjer 2015 til det sjuande dårlegaste traktoråret i Noreg nokon gong, etter at mekaniseringa i landbruket tok til for alvor.

Etter å ha tatt ut slikt som heilt klart er feilnoteringar frå statistikken, er det totalmarknaden 3071 traktorar. Fleire detaljar finn du i Bedre Gardsdrift nr. 1 2015, som er i postkassen i slutten av januar.

Powered by Labrador CMS