jma 002n.jpg

Yrke: Juksemakar

I førre veke kom det fram at norske bønder har juksa til seg for mykje tilskot fordi vi har oppgitt for store areal.

Publisert

Bondedoping?

Dette er avslørt ved å fotografere gardane frå lufta, får vi vite, gjennom artiklar i media der det ser ut som om den norske røvar-bondestanden no endeleg er avslørt ved hjelp av moderne teknologi.La oss ta det heile ned på jorda att, der det høyrer heime: Om vi ikkje tar aldeles feil, er landbrukstilskota fordelte ut frå ei totalramme. Alle som får med seg medieomtalen av dei årvisse landbruksoppgjera, høyrer at overføringane er på så og så mange milliardar kroner, ikkje 400 eller 410 kroner pr. dekar. Altså er det rimeleg grunn til å tru at vi har ei totalramme som blir sendt gjennom ein fordelingsnøkkel. Litt til husdyrtilksot, litt til regionale miljøprogram og så vidare. Deretter blir pengane i potten for arealtilskotet fordelte på det arealet som er kjent. Viser det seg at arealet går ned, er det rimeleg å tru at kronene pr. dekar blir fleire. Grunnlaget for jordbruksforhandlingane NILF sine kalkylar over økonomien på den enkelte gard, altså uavhengig av kor stort eller lite det reelle arealet er.Så kva svindel har vi då gjort oss skuldige i? Medie-vinklinga blir jo berre enda meir meiningslaus når vi prøver å finne ut kor desse svindel-tala våre kjem frå.For eigen del har eg støtta meg til offisielle kart når eg har leitt etter nye arealopplysningar. Om ein av dei eg leiger jord frå seier at arealet er sånn omtrent to-tre-og-tjue mål, og arealopplysningane på statlege kart på internett seier 23 dekar, vel eg å søkje for 23 dekar. Når landbrukskontoret i kommunen er på inspeksjon seier dei at alt er vel. Så kjem det flyfotograferte gardskartet og seier 22 dekar. Det er eit avvik på 4,5 prosent.Så alvorleg juks er det altså media har fôra ålmenta med, ikkje minst takka vere Oslo-avisa Nationen som sette saka på dagsordenen. Vi er slett ikkje åleine om å meine noko om dette. Debatten er i gang her inne.

"
Powered by Labrador CMS