reg-ill09

Kor viktig er reg-stat`en?

Folk med interesse for innandørsmekanisering, undrar seg over det veldig snevre perspektivet mange traktorinteresserte tilsynelatande har.

Publisert

Kor viktige er desse tala?

Registreringsstatistikken på traktor er ingenting anna enn ein febermålar. Det er fullt mogeleg å vere dødssjuk utan å ha feber, og du kan ha solid helse og likevel bli kortvarig utslått av ei lita febersykje. Vil du vite korleis det verkeleg står til, må du sjekke fleire symptom, og gjerne ta ei blodprøve. I landbruket betyr det å sjekke tilstanden på bygningsmassen og jorda. Traktoren er og blir udugande utan reiskap, og på dei fleste husdyrgardar brukar du meir tid i fjøset enn i traktoren. Sånn sett er det all grunn til å spørje seg kva verdi registreringsstatistikken har.

BG formidlar stoffet

Kastar vi stein i glashus, seier du? Jo visst er Bedre Gardsdrift med på jaget kring registreringsstatistikken. Kvar månad kjem vi med ferske tal på gardsdrift.no, og som regel les du tala først hos oss. Ingen andre i media legg ned større innsats i å analysere statistikken. Kvart år har vi fleire sider på trykk med unike, arbeidskrevjande tabellar knytt til oppsummeringa av traktoråret. Bedre Gardsdrift var første publikasjon som publiserte merkestatistikk for kvart enkelt fylke, og vi var først med å gi ein modellsortert statistikk. Og attpå alt var vi først ute med detaljert statistikk over bruktimporten.

Vi gir oss ikkje

Dette vil vi halde fram med, fordi folk lurer på tala, og fordi vi meiner at all diskusjon blir betre når faktagrunnlaget er på plass. Det er også rimeleg grunn til å tru at tabellane våre kan bidra til at folk gjer sine val av traktor på eit betre grunnlag. Vi prøver også, etter beste evne, å få på plass litt lengre perspektiv. Vi er åleine om å gi deg ein løpande 12-månadersstatistikk, og i årsoppsummeringa vår ser vi på totalmarknaden heilt tilbake til 70-talet. Når det er sagt: Vi diskuterer gjerne både omfang og vinkling av stoffet vårt, både registreringsstatistikk og store og små saker elles. Vi i Bedre Gardsdrift bryr oss om kva folk seier.

Noreg-Brasil

Sjølv er eg det vi kan kalle ein fotballignorant. Førre gong eg såg ein heil kamp på fjernsynet, slo Noreg Brasil i VM, men eg hugsar ikkje resultatet. I eigne auge lever eg svært godt utan denne lasta. For andre er fotballen heilt sentral i livet. Greitt nok for meg. Kan hende er det litt sånn med mange av oss maskininteresserte: Registreringsstatistikken på traktor er våre fotballresultat. Eg trur at dei fleste av oss likevel hugsar at det finst andre verdiar i livet - og i landbruket.

Powered by Labrador CMS