BGnøtter2013-24

Unike premiar julaftan!

Premiane for julaftan er såpass spesielle at dei får ein eigen omtale. Her er nemleg to eksklusive norskproduserte hovudpremiar som du i stor grad kan utforme sjølv...

Publisert

Duun og Dalen er to kjære, norske reiskapsprodusentar som satsar for framtida. Begge to stiller med kvar sin eksklusive premie julaftan: Eit skilt, der du kan få brent inn ein fritt valt tekst.

Detaljar Dalen-premien

Skiltet frå Dalen vert laga i tre millimeters stålplate, maksimal storleik 1 x 2 meter. Ønska tekst kan brennast inn i fonten Stencil i den storleiken du ynskjer innanfor storleiken på skiltet. Skiltet kan lakkerast i svart. Om du vil, kan kantane knekkast inn slik at skiltet kan monterast med avstand frå vegg, til dømes om du vil legge inn lys på baksida. I eine hjørnet blir Dalen sin logo brent inn.

Detaljar Duun-premien

Duun stiller med eit skilt i syrefast stål. Også her er maksimale mål 1 x 2 meter. Duun tar gjerne ein prat med deg om kva motiv du ynskjer, men vilkåret er at motivet lar seg reprodusere digitalt på brukbart enkelt vis i programvaren som styrer maskina som skjær ut motivet. Hugs at motivet må vere slik at stålet heng saman – det er vanskeleg å brenne ut ein O med samanhengande strek i stål...Duun sin logo blir brent inn i eine hjørnet.

Felles for begge hovudpremiane

Tidleg i januar vil BG-nissane sette deg i kontakt med Dalen eller Duun, om du er så heldig å vinne. Du må rekne med at det kan ta litt tid før premiane er ferdig produserte. Premiane er aldeles unike for BG-nøttene, og likande har ikkje tidlegare vore å finne bakom noko luke i nokon julekalendar. Kult...

Ekstrapremiar

- Fire Massey Ferguson boxershorts frå Eikmaskin - Fendt salt- og peparbøsse frå Eikmaskin- John Deere kjeldress frå Felleskjøpet Agri

BG-nøtta for julaftan finn du her. Den ligg ute til midnatt 1. juledag.

"
Powered by Labrador CMS