BGnøtter2013 bastard

Hard nøtt julaftan – her er svaret

John Deere, den klarte nesten alle. Lamborghini og Massey Ferguson klarte mange. Kubota klarte litt over halvparten. Her er svaret på bastardtraktoren i BG-nøttene julaftan.

Publisert

Vinnarane av nøttene dei siste dagane, og ikkje minst vinnarane av hovudpremiane, treng nissane nokre dagar på å trekke. BG-nissane har til liks med journalistane og redaktøren i Bedre Gardsdrift hatt travle dagar i det siste, men i løpet av romjula kan det vere håp om at trekningane er i orden.

Løysinga julaftan

Oppgåva i BG-nøttene julaftan 2013. For å sjå sveiseskøytane, sjå bilete aller nederst i saka. 

Vi startar med det enklaste: Hytta er frå John Deere, nærare bestemt ein 6R. Men ikkje alt: Venstre A-stolpe med tilhøyrande lykter, og interiøret som du ser gjennom frontruta, er frå Massey Ferguson. Ser du veldig nøye, skimtar du MFs spesielle vendegirspak.

Frå modellen 6616, som vi plukka MF-delane frå, henta vi også det av panseret som er under den kvite stripa. Vi må innrømme at vi forlenga den perforerte plata framme på pansersida litt for å få ting til å henge saman. Trepunkten framme kjem også frå MF, og det same med tanken for diesel og AdBlue.

Øvste del av panseret, pluss grillen og bakskjerm og bakhjul er frå Lamborghini Nitro. Form og lengde på panseret stemte ikkje heilt med traktoren vi var i ferd med å skape, så her har vi teikna litt i lengda på frihand, men prinsippet med kvitt panser og svart stripe er det vesentlege her.

Så kjem den seigaste biten: Framhjula. Det er frå Kubota M135GX. Nokre har tenkt Fendt, andre har lurt på Claas, men den observante nøtteknekkar merkar seg at fargen er meir oransje enn raud, og ikkje minst, det sikre kjenneteiknet: I og med at Kubotaen har drift av framhjula gjennom kingbolten, og med det navreduksjon på det viset, er her ikkje noko utstikkande hus for planetdrevet i navet på Kubota. Som om ikkje hjula var nok, tok vi også med det nedre settet med Kubota M135s karakteristiske frontlykter.

Ein tanke bak årets bastard er at alle representerte merke skal vere til stades med minst to særeigne detaljar, og ein tjuvtitt på resultata viser at meir enn 55 prosent har svart rett.

Det høyrer også med til soga at trufaste Bedre Gardsdrift-lesarar kan kjenne at tre av modellane som finalistar til Årets Traktor, så dei har vore presenterte og avbilda i bladet og på gardsdrift.no fleire gongar gjennom hausten.

BG-nissane takkar alle trufaste og sporadiske nøtteknekkarar for formidabel innsats, og kjem tilbake med liste over vinnarane om litt.

Ha ei fin romjul!

Originalane til BG-bastarden jula 2013.

Dei blå strekane viser kor vi har skøytt saman delene frå dei fire originaltraktorane.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS