BG-labyrinten-13

Klar for påskelabyrint?

Er du av dei mange som har BG-nøttene som fast juletradisjon? Frå skjærtorsdag kan du vere med i BG-labyrinten!

Publisert

Opplegget er som så. Frå skjærtorsdag til første påskedag får du ei ny oppgåve. Oppgåva består av eit sett med opplysningar, som alle skal hjelpe deg til ein bestemt stad. Ja, vi innrømmer det gjerne: Vi har herma etter påskelabyrint-høvding Viggo Valle i NRK P1, og til og med fått lov av han til det. På same vis som Viggo spør vi kor vi skal reise, og oppgåvene våre minner nok litt om oppgåvene hans.

Oppgåvene

Kvar dag skal vi til ein bestemt geografisk stad. For å kome dit, får du fleire leietrådar. I svarskjemaet må du fylle ut dagens mål, og du kan fylle ut så mange av leietrådane du klarer. Vi trekkjer dagspremie mellom alle som kjem til rett mål for dagsetappen. For å kåre ein hovudvinnar, deler vi ut poeng. 10 poeng for rett stad, og eitt poeng i tillegg for kvar rett leietråd. Vinnaren av BG-labyrinten er den med flest poeng. Om fleire stiller likt, trekkjer vi lodd.

Landbruk og allmennkunnskap

Alle reisemåla har med landbruk å gjere, men leietrådane kan vere knytt til alle slags emne, så påskegjester av alle slag kan gjere nytte for seg. Reisemåla er over heile verda, inklusive her i landet. Tilgang til leksikon i trykte og digitale versjonar på norsk og framandlandsk, pluss søkemotorar på nettet kombinert med ein fungerande hjerne som kjenner Bedre Gardsdrift vil heilt sikkert vere til god hjelp. Du finn oppgåver og svarskjema på gardsdrift.no frå midt på natta, natt til skjærtorsdag.

Fasit kjem neste dag

Kvar oppgåve ligg ute frå midnatt til midnatt. Fasiten kjem straks ny oppgåve er publisert. Dagspremievinnarane blir kåra i løpet av veka etter påske. Så vil tida vise kor fort vi har klar ein hovudvinnar. I og med at vi ikkje har gjort dette før, veit vi ikkje heilt kva vi får til. Eigne begrensingar har vi forsåvidt aldri hatt full kontroll på.

Alle kan vere med på heile reisa

I BG-labyrinten held vi døra open for alle som vil delta, og alle som kjem til rett stad er med i konkurransen om dagspremiar.

Forsøks-påskehare

La det vere sagt med ein gong. Årets BG-labyrint er eit forsøksprosjekt. Ikkje veit vi om vi legg oss på passeleg nivå med oppgåvene, ikkje veit vi om publiseringsverktøyet vårt er heilt klart for det, og ikkje veit vi kor mykje arbeid det blir å handtere svara. Men om du blir med oss og tykkjer det er kjekt, er vi glade om vi får vite det. Og blir BG-labyrinten ein suksess, er det rimeleg grunn til å tru at her kjem meir til neste år.

Premiar

Mens BG-nissane i BG-nøttene sist advent hadde ein sprekkeferdig premiesekk med ein samla verdi kring 75 000 kroner, er vi ørlite meir nøkterne no. Alle premiane er plukka frå våre eigne hyller, med ymse profilartiklar frå BG i prisområdet frå caps til drygt 500 kroner. Kva som vert premien dag for dag, og som hovudpremie, finn vi ut når redaktøren er tilbake frå påskeferie. Som sagt, i år er eit prøveår. Får vi det til, og du vil ha meir, ser nok påsketursekken vår meir stappa ut til neste år.

God påske - og god reise!

Powered by Labrador CMS