BGnøttene 2015

Premieliste BG-nøttene 2015

Fire veker med John Deere 6110 MC, fabrikkturar, strøvogn for glatte tun, fjernstyrt modelltraktor, fire veker med fullfôrvogn..... I år vil nissane også premiere gode kommentarar. Her er litt av premielista! 

Publisert

Premielista er oppdatert 3. desember. Nissane ventar enno på nokre som gjerne er med som ikkje har bestemt seg for premie.

BG-nissane vart litt distraherte av at der skulle vere så mykje fint landbruksutstyr utstilt like før desember, og alle dei som gir gåver til premiesekken var veldig opptatte med den utstillinga. Difor rakk liksom aldri nissane å bli heilt ferdige med oversikten over kva som ligg i premiesekken før desember brått var der. Men mykje er klart alt no!

HovudpremieFor å vinne hovudpremien, må du ha minst 22 rette svar. I år får du fire veker fri bruk av ein John Deere 6110 MC på 117 hk maks effekt frå ein 4,5-liters motor. Den har PowerQuad transmisjon, tre doble tipputtak og pumpa leverer 81 l/min. Traktoren har for tida ein kampanjepris på kr 489 000. Felleskjøpet Agri stiller med denne. Du avtaler tidspunkt sjølv med Felleskjøpet, slik at du får traktoren når du har mest nytte av den.

Turar Lena Maskin stiller med tur for to til McCormick-fabrikken i Italia. A-K maskiner gir bort ein tur for to til ein av New Holland sine fabrikkar. HCP har ein billett til ein tur til Kronefabrikken. For å vinne ein av dei tre tur-premiane, må du ha minst 22 rette svar.

Fullfôrmiksar i fire vekerTil ein vinnar som kan nyttegjere seg den, trekkjer vi ut ein BvL fullfôrmiksar til fri bruk i fire veker, inklusive brukarstøtte så du får best mogeleg nytte av maskina. Her må vinnaren ha minst 22 rette.

Gardsnamn-skilt julaftanFor tredje år på rad skal Duun og Dalen lage kvart sitt gardnamn-skilt til kvar sin vinnar på julaftan. Kvart skilt måler to ganger ein meter, og gardsnamnet blir skore ut i platestål. Her er det litt detaljar kring lakkering og utforming som vi kjem tilbake til. For å vinne eit av dei unike gardsnamn-skilta må du svare rett på oppgåva julaftan. Her kan du lese om ein av dei tidlegare vinnarane.

" Eigne premiar BG Junior-premiar på julaftan Har du vore med på BG-nøttene før, veit du at oppgåva på julaftan er noko for seg sjølv. Ein av BG-nissane har mest truleg brukt heile veslejulaftan, heilt fram til midnatt, på å mekke saman ein traktor av deler frå ulike merke. Så er jobben din å finne ut kva traktorar delene er henta frå.Denne oppgåva kan også yngre generasjonar klare heilt fint, om dei har god oppdraging i heimen. Nissane har heller ingenting imot at det vert halde familieråd med faglege drøftingar. Hugs at julaftan-nøtta også ligg ute heile første juledag. I år stiller Nils Anton Mørk maskin med ein fjernstyrt Siku-traktor, som nissane vil gi til nøtteknekkarar i alderen seks til 16 år som klarer minst tre av fire, og ein leiketraktor i tre som nøtteknekkarar på null til seks år som prøver seg på oppgåva kan vinne.

Premie for 24 retteSom vanleg vil nissane premiere dei iherdige som svarer alt rett. Kva premien blir får du vite ganske snart.

Premiar for beste kommentararNoko av det unike med BG-nøttene er alle dei fantastiske kommentarane vi får inn. BG-nissane har bestemt seg for å reservere tre premiar som blir trekte mellom folk som får kommentarar på trykk. Vinnarane her blir plukka ut i nisseråd av BG-nissane, og det er ikkje høve til å anke avgjerda. Desse vinnarane blir kåra på nyåret.

VekepremiarKvar sjette dag trekkjer nissane ein vinnar av ein premiepakke frå Bedre Gardsdrift, med ein samleperm, ein caps og eit bærenett. Denne premien blir trekt mellom alle som har deltatt siste seks dagane, uansett svar.

Rikeleg med flotte premiar ellesHer er dei andre premiane som er stadfesta så langt:

Hydraulisk velgarventil med spak frå GKN Land SystemsJapa strøvogn frå Sisu Produkter 1000 vedsekkar med hurtiglåsing frå Vepak Hydraulisk toppstag frå Byberg Tre sikringsstropp-sett for rundballar frå TM-stroppen Gåvekort kr 1000 frå Gudmestad Leker og Modeller Valtra varmedress frå Lantmännen Maskin Rundballenett eller breiplast frå Fôrsentralen Slangemerkesett med dekalar frå SafetyMark Modell av Fliegl gjødselvogn frå Felleskjøpet Agri Kjettingtang frå Lilleseth Massey Ferguson Antarctica-jakke frå Eikmaskin CaseIH softshelljakke frå A-K maskiner Gåvekort kr 2500 frå Dataväxt Claas varmedress frå Lantmännen Maskin Fendt armbandsur frå Eikmaskin Sodapistol (for "snill sandblåsing") frå Vreten Norge Modell av Kverneland vendeplog frå Kverneland Siloklubbe frå TKS Skagen veggur frå GråkjærTo modelltraktorar frå Challenger

I tillegg har vi ei rekkje andre firma som vil vere med, men der konsentrasjonen dei siste vekene har vore retta mot Agroteknikk, så den eksakte premien frå kvar enkelt er ikkje avklara enno. Kom tilbake i løpet av få dagar for å sjå ei meir komplett liste!

Powered by Labrador CMS