Grill for kommentarar
Ganske tidleg i desember bestemte BG-nissane seg for at årets formidable tilfang av kommentarar på bonusspørsmåla kravde ekstra honnør, og kva passar vel betre til premie enn ein grill?
Dette er einaste vinnaren som ikkje er trekt tilfeldig, men som er plukka ut, i årets BG-nøtter. Den jobben var ikkje enkel. Her er folk som har svart svært så godt for seg 24 dagar på rad, og andre som har skrive slikt som ville overgått dei fleste sluttpoeng i høgverdige revysketsjar. BG-nissane har humra og smilt mykje i skjegget, i det store arbeidet med å plukke ut kommentarane som kvar dag er publiserte. Men å skilje ut ein vinnar mellom to-tre hundre daglege ytringar og innspel?
Humoristiske dikt med personleg snitt
Nissane tenkte at her måtte det til noko ekstraordinært, noko som skil seg frå alt det andre. I den jakta dukka Kåre Grindland opp. Første ti dagane sende han inn eitt vers kvar dag, og han er ikkje redd for å by akkurat passe mykje på seg sjølv. Så dabba det litt: Influensa og konsekvensar av klimatiske krumspring gav ikkje rom for dagleg poetisk innsats, men likevel: 16 dikt på 24 dagar står til godkjent!
Fellesprosjekt i heimen
For dette blir Kåre premiert med ein gassgrill gitt av Felleskjøpet Agri sine imek-folk, eit godt påskot for å samlast til framtidig frisk meiningsutveksling, romantikk, skrøner og kan hende også kvardagspoesi.– Nei, dette kan du ikkje meine, svarer ein overraska og overvelda Kåre då BG-nissane ringde. Han har vore med på BG-nøttene gjennom alle år, ein førjulstradisjon som stadig vekkjer stort engasjement i heimen. – Vi har fast rutine kvar kveld etter fjøstid. Då tar eg og sambuaren ei økt med BG-nøttene. Mens eg startar på å finne svaret, går ho i gang med bonusspørsmålet. Så fullfører vi det saman. Æra for desse versa skal i høgste grad delast med ho, slær Kåre fast. Sambuaren heiter Berit Løyning.
Treng ny grill
Dei to driv ein gard på Finsland ein god halvtime nordvest frå Kristiansand. Garden fekk i 2010 nytt fjøs med mjølkerobot, og kvoten er kring 300 tonn. Kvoten er eigd, og drifta står dei for sjølve, noko dei trivst godt med. – Berit har forresten ymta frampå om at vi skulle hatt oss ein ny grill, så dette passar jo heilt perfekt, konstaterer Kåre.
Utvalde kommentarar gjennom dei 23 første dagane med BG-nøttene kan du lese her.
Julehelsingane som kom inn julaftan finn du her.
Berit Løyning og Kåre Grindland sine samla verk type bonus-svar i verseform ser du under:
" 1. desember BONUSSPØRSMÅL: Korleis går denne salmen vidare, sånn omtrent? (No knekkjer vi vår første nøtt,/ det har vi venta på!/ Det handlar om litt surt og søtt/ i ball med gras og strå.) Med buskap velfødd og blank i pels nyter bonden advent med fyr på peis.Budeia han pleier så godt som såkanskje til kvelds det blir kos å få???
2. desember BONUSSPØRSMÅL: Pløyer du rette fårer? Tung og steinete jord gjør bonden svett, men med budeia i tankene blir mer enn fåra rett.
3. desember BONUSSPØRSMÅL: Hva fyrer opp deg? Holke is og frøsne baller,startproblemer og husrabalder.Den beste tida den er nå Lev og elsk så skal du få....
4. desember BONUSSPØRSMÅL: Køyrer du sikkert? Med seler på buksa og glidelås stramer ballene trygge både på traktor og mann
5. desember BONUSSPØRSMÅL: Kva du likar best, pakke inn eller pakke ut? Det herlige høy pakker jeg kjærlig inn..... Min vakre møy pakker jeg begjærlig ut...
6. desember BONUSSPØRSMÅL: Hva har gledet deg mest i året som har gått? Det beste i året som har gått, er at jeg en kjæreste har fått. Ei jente så bli, som bare er mi.Jeg har det så inderlig godt!
7. desember BONUSSPØRSMÅL: Årets tabbe var da jeg... Å bruke pickup på tre for å få eplene nedhar jeg lært er absolutt ingen god ide. Det ble fallende tre, intet hengerfeste mer. Og naboen lo så han rista....
8. desember BONUSSPØRSMÅL: Har du verneutstyret i orden? Med hjelm på hodet og jern over tå,går bonden på skauen og hugger som få.På hjemmebane budeia går blid, uten vern i senga skal de nå flere bli....
9. desember BONUSSPØRSMÅL: Hva fôrer du med? TKS vi forer med,saftig høy går hurtig ned.Blanke i pelsen våre kyr,herlig melk de villig byr.Okse, kalv og unge dyr gumler i seg i ivrig fryd
10. desember BONUSSPØRSMÅL: Du er landbruksminister i ein månad. Kva sak vil du ha vedtatt i Stortinget? En måned på tinget hva ville jeg da? Fikset så frp Listhaug må dra. Bonden må bedre vilkår få, om ikke blir Norge dødt om få år!
14. desember BONUSSPØRSMÅL: Hvordan kopler du rett? Å kople rett er ikke lett.Man kan lett trå feil rett og slett.En kopling som er lett, har jeg aldri sett.Smørefett og hydraulikk, hurtigkopling og annet dritt. Men faktum er for bonden her, at det meste med gode koplinger blir en fest.
18. desember BONUSSPØRSMÅL: Hvorfor bør DU bør vinne en av de flotte hovedpremiene, og hvilken har du mest lyst på, hvis du trekkes ut som vinner? En hovedpremie hurra hurra,Det vil jeg gjerne ha.Jeg mistet 2 dager i influensa,den tredje drev jeg å båten lensa.Om en tur til Agroteknikk,jeg og min aller kjæreste fikk. Da tror jeg jeg hadde slått flikk!
19. desember BONUSSPØRSMÅL: Kva er din favorittmusikk? Når kua skal melkast og det sprengjar i jur,ho rautar og beljar så heit og viljug.VMS´n er klar og kua er snar,i boksen ligg elite 80´n klar.I non korte minutt sugast melka ut, ho er atter klar til ein flørte med ein stut. Dette er song for mitt hjarte!
20. desember BONUSSPØRSMÅL: Har du opplevd problem med gummien? Ut på glatta og ekstra sleng,gummi god- på rett kjøl igjen.Men lek i seng med ekstra sleng, kan lett svi gummi som ender i bonuspoeng.
21. desember BONUSSPØRSMÅL: Juleselskap? Svinesteik, ribbe, pølse og medister,vin, juleøl og akevitter.Siden blir det krem og bær,deilig kake til dessert. Ikke det at jeg er sær,men nå orker jeg ikke mer.raaaap.......
22. desember BONUSSPØRSMÅL: Har du opplevd rare reglar? Julenissen feit og god,slede over snødekt jord.Gavesekken full han har,alltid blid og god og rar. Hvorfor bare juledag?