BG-labyrinten-13

Svar på BG-labyrinten skjærtorsdag

CNH-produkt, gamle ball-heltar og ting som kan rulle? Vi skulle til Fannrem i tidenes første BG-labyrint. Her er heile fasiten.

Publisert

Oppgåva skjærtorsdag:

Dagens mål er knytt til produksjonen av eit CNH-produkt. Staden ligg fem kilometer frå administrasjonssentrumet i den minste typen sjølvstendige administrative geografiske eininga i området. Staden har fostra to store namn innan ein kjend ballidrett. Den eine av desse er død, mens den andre stadig vender tilbake, og gjennom sitt arbeid har han bidratt til siger i 14 år, men ikkje med rundballekuttar.Det første eigne produktet frå landbruksmaskinfabrikken på staden var eit umotorisert køyrety på tre hjul. Seinare er produksjonen lagt om til å omfatte eit breiare spekter, både på to og fire hjul. Her er også produsert utstyr utan hjul. Hovudproduksjonen i dag er rullande. Eine hovudproduktet er av ein type som i sin tur blir brukt til å lage produkt som kan rulle. Rettane til det andre hovudproduktet er nyss kjøpt opp av eit selskap kanskje du også eig. Kor skal vi reise?

Svar:

Reisemål: Fannrem

New Holland Roll Baler, bygd av Orkel på Fannrem.

Fannrem ligg fem kilometer sør for Orkanger, som er kommunesenter (administrasjonssentrum) i Orkdal kommune. Kommune er den minste sjølvstendige administrative geografiske eininga i Noreg. Fannrem er heimstaden til Knut Torbjørn Eggen, tidlegare fotballspelar og –trenar, som døydde i 2012. Fannrem er også heimstaden til Nils Arne Eggen, som stadig vende tilbake som trenar, og som vann serien 14 gongar med Rosenborg ballklubb, som har same forkorting som rundballekuttar, altså RBK (både forkortinga og fullt klubbnamn blir godtatt).Landbruksmaskinfabrikken her heiter sjølvsagt Orkel. Deira første første eigne produkt var ein trehjulssykkel. Orkel har dei seinare åra særleg konsentrert seg om hjulgåande utstyr. Til dømes rundballepresser, som jo både rullar og lagar noko som kan rulle (ugreitt i bratta, ja). Nyleg selde Orkel alle rettane knytt til hengarproduksjonen sin til Felleskjøpet Agri (vi godtar også FK/FKA).Og CNH, dei får produsert New Holland og CaseIH rundballepresser, etter at gigantkonsernet kjøpte alle rettane knytt til Orkels rundballepresser i 2012. Så velkomen til Fannrem! Nyt opphaldet, mens du bur deg på neste etappe...

Powered by Labrador CMS