BG-labyrinten-13

Svar på BG-labyrinten langfredag

Fireøygd tiger, okse, laurbærbusk og ein tyskar som heiter Otto? Til saman blir desse Treviglio i Italia. Sjå kvifor her.

Publisert

Oppgåve BG-labyrinten langfredag

Vi skal til ein by som har eit hovudkontor for eit konsern, og ein tilhøyrande fabrikk. Utanfor hovudkontoret heng fire ulike flagg som ikkje er nasjonsflagg, og eitt nasjonsflagg. To brør, som heiter Francesco og Eugenio, skal hjelpe deg dit. Dei fortel at dei er oppattkalla etter to andre brør, og dei fortel vidare at fabrikken har brukt alle tre fargane frå nasjonalflagget i lakk-avdelinga si, om enn i litt andre nyansar. For å hjelpe deg på sporet, får viser dei fram desse tinga. Du får vite at dei ikkje har noko direkte samband med reisemålet, men at dei likevel er viktige hint:- Ein representant for eit urfolk, saman med ein tiger med fire auge.- Ein sportsbil, saman med ein okse.- Eit sveitsisk flagg, saman med ei laurbær-busk.- Ein kar som heiter Otto, som sit på ein traktor og taktfast seier "eins zwei drei vier".Byen vi skal til er den nest største i ein provins der bokstavane på bilskilta er identisk med forkortinga for namnet på eit fagtidsskrift som du kjenner. Kor skal vi reise?

Svar på BG-labyrinten langfredag

Same Deutz-Fahr group held hus i Treviglio i Italia.

I dag skal vi langt sørover, til mildare klima, og til byen Treviglio i Italia. Der held Same Deutz-Fahr Group til. Francesco og Eugenio Cassani grunnla Same her. Utanfor hovudkontoret heng flagga til dei fire traktormerka som konsernet produserer, i tillegg til det italienske flagget. Dette flagget har fargane raudt (som Same), kvitt (som Lamborghini var før) og grønt (som Deutz-Fahr no og Hürlimann tidlegare).Dei fire hinta har denne forklaringa:Urfolk: Jamfør Same, som har ein tiger med fire auge som logo.Sportsbil og okse kan ikkje bli noko anna enn Lamborghini.Hürlimann starta som eit sveitsisk traktormerke, og laurbærkrans kring bokstaven H som logo. Nicolaus August Otto grunnla selskapet som seinare vart Klöckner-Humboldt-Deutz. Han fann opp firetaktsmotoren og selskapet starta produksjon av traktorar, under merket som seinare vart til Deutz-Fahr, og som vart kjøpt opp av Same-gruppa i 1995 til å bli ein del av Same Deutz-Fahr Group. Vi godtar både namnet på herr Otto, og traktormerket her.

Treviglio er den nest største i provinsen Bergamo, som har bokstavane BG på bilskilta. Som jo får oss til å tenkje på bladet Bedre Gardsdrift...Det er kjekt å vere turist i Nord-Italia, men du kan ikkje stogge lenge, for ferda går vidare her.

"
Powered by Labrador CMS