Eit lite utsnitt frå det store Excelarket som prislista blir laga i. Den raude ringen viser endringane frå 2016 til 2017. Som du ser: Sjølv om endringane reint generelt er moderate, er der enkelte prisar med vesentlege justeringar.

Vil du ha BGs maskinleigeprisliste i posten? Ver rask!

Om du ikkje er abonnent på Bedre Gardsdrift frå før, må du skunde deg om du vil få tilsendt landets desidert største og mest gjennomarbeidde maskinleigeprisliste!

Publisert

Den er det nemleg berre BG-abonnentane som får, altså berre dei som abonnerer på papirutgåva av Bedre Gardsdrift. Slik er det fordi det ligg svært mykje arbeid bak prislista, eit arbeid som kvar einaste av abonnentane våre betaler bitte litt for. Så får du da også eit produkt som er aldeles unikt.

Prislista omfattar kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapar, alt frå ordinær leigekøyring med rundballepresse til leige av bensindriven fjellboremaskin. Bedre Gardsdrift har utarbeidd ei slik prisliste kvart år sidan 2003, og har ei erfaring som ingen andre på området.

Eit årsabonnement på Bedre Gardsdrift kostar nøyaktig det same som middelprisen på å leige traktor med førar og fire meters slodd i ein time: 675 kroner. Skilnaden er at der kjem til moms på leigekøyringa. Bedre Gardsdrift er momsfritt.

Vil du abonnere, er det så enkelt som å fylle ut skjemaet under her. Då får du eit standard eitårs-abonnement til kr 675. Faktura kjem i posten, utan skjulte gebyr. Det gjer sjølvsagt også bladet, så snart det er ute. Frist for å teikne abonnement, om du vil sikre deg maskinleigeprislista, er 4. april.

Om du vil spare nokre kroner og abonnere for to år om gongen, om du bur i utlandet, vil gi BG som gåveabonnement, er student eller på anna vis treng eit aboskjema med fleire detaljar, klikk deg hit!

Om Bedre Gardsdrift

Bedre Gardsdrift kjem ut ti gongar i året, med jordnært og nyttig stoff knytt til landbruksteknikk, driftsteknikk, økonomi og det å drive gard reint generelt. Vi har traktortestar, gardsanalyser, vedlikehaldsstoff, messereportasjar, tips om lov og rett, bygningsreportasjar og mangt som elles er nyttig å kjenne til. Dette stoffet finn du ikkje på nett. Bedre Gardsdrift var i 2016 det einaste landbruksbladet med opplagsvekst, noko vi har hatt gjennom fleire år.

Om BG nr. 3/2017

I tillegg til at bladet inneheld maskinleigeprislista som eit stifta bilag, finn du 19 sider med individuelle omtaler av dei ni trinnlause firesylindra traktorane som Bedre Gardsdrift har testa. Her er også ei gardsanalyse frå eit sauebruk med 200 vinterfôra sau i Sogn og Fjordane, her er småsmart, vedlikehaldsstoff, veterantraktor og anna tradisjonelt Bedre Gardsdrift-stoff. 

Powered by Labrador CMS