lov og rett.jpg

Straff dårlege råd!

Ein rådgjevar som gir feil råd må vite at dette kan få konsekvensar.

Publisert

LEIAR FRÅ BEDRE GARDSDRIFT NR. 6 2010

I kjølvatnet av eksplosjonen på Vest-Tank i Sløvåg, blei rådgjevar Karl-Jan Erstad frå firmaet Rådgjevande Agronomar dømt av Nordhordaland tingrett for å ha gitt dårlege råd til bedrifta. I juni dømte Oslo tingrett DnB Nor til å betale ein av sine bankkundar erstatning, etter at han tapte pengar grunna dårlege plasseringsråd frå banken. Begge dommane er anka. Like fullt ser vi konturane av ei stadig viktigare problemstilling: Kva ansvar har rådgjevaren?I landbruket har vi hatt slike problemstillingar i mange år. Mange opplevd at fjøset var planlagt med for liten gjødselkjellar. Andre har investert i kostbart fôringsutstyr, som ikkje gjev den lova gevinsten, eller dei køyrer langs veg med ulovlege maskiner. Og det vil ikkje bli færre problem etter kvart som vi får større og meir komplekse driftseiningar, og større krav til oss som driv - uansett storleik. Alternativ bruk av plantevernmiddel eller medisin, bygningsplanlegging, arealforvalting og komplekse mekaniseringsløysingar både inne og ute er typiske problemområde no.Sjølvsagt må det også i framtida vere slik at vi som driv landbruk har det øvste ansvaret for kva vi gjer på garden vår. Likevel, av og til kjem vi til spesielle problemstillingar som vi ikkje kan ha fullgod kunnskap, eller vi får ulike pålegg frå myndigheitene. Då er det til stor verdi å ha ei rettleiingsteneste som kan hjelpe oss, men då må vi samstundes ha tillit til at vi får råd som er til å stole på. Om ikkje rådgivaren kan svare, er det betre at svaret er ærleg, enn at det blir gitt eit råd som viser seg å vere rav ruskande feil. Særleg i tilfelle du som mottakar av rådet ikkje kan ventast å vere kvalifisert til å avsløre om rådet er rett eller gale. Rett nok er saka der Erstad er dømt er eit særs alvorleg tilfelle av miljøkriminalitet, med langt meir alvorlege problemstillingar enn kva bønder flest og vår rettleiingsteneste syslar med til vanleg. Like fullt er det på sin plass at ein rådgjevar som gir feil råd veit at dette kan få konsekvensar. Det handlar om noko så enkelt som at råda du får skal vere til å stole på. Det er mange nok bønder som fungerer som forsøkskaninar. Ein ting er å bevisst stille seg til disposisjon for å prøve ut nye løysingar, vel å merke til ein risiko som alle involverte er klar over. Ein annan ting er om usikre råd er framstilt som sikre, kan hende også med stort skadepotensiale. Då skulle det berre mangle om ikkje rådgivaren får ein rapp over fingrane.

Powered by Labrador CMS