1507reg-graf
1507reg-graf

John Deere styrkar seg

Traktormarknaden lunkar vidare med nok ein slakk månad, der John Deere stikk av med annankvar nyregistrerte.

Publisert

Dei to felleskjøpa har treft marknaden noko betre enn enkelte av konkurrentane sine den siste tida. 32 prosent marknadsandel så langt i år, halvparten av alle nyregistrerte i juli, og opp nesten 200 traktorar (55 prosent) frå fjorårsnivået er sterke tal. Om fordelinga gjennom året held seg normal, vil hjorten nesten klare 1000 traktorar til året er omme.

Unormal marknad

Generelt er ikkje ordet "normal" noko vi kan seie om årets traktormarknad. 186 traktorar i juli er skikkeleg svakt. 1717 traktorar til no i år er 65 stk (fire prosent) bak fjoråret, og summen for siste 12 månader er enda verre: 429 traktorar (12,3 prosent) bak førre 12-månadersperiode. Her er nasjonal politikk, valutasituasjon, generelle nedgangstider og dårleg magekjensle samla til dei dårlegaste traktortala på lange tider. Med unntak av mars har heile året vore svakt.

Stødig på pallen

Går vi tilbake til dei enkelte merka og importørane, konstaterer vi at MF går ein del tilbake frå det sterke fjoråret, mens Valtra går like mykje fram frå eit svakt 2014. Likeins går Fendt svakt tilbake og Claas forsiktig fram. Eikmaskin held dermed stø kurs som nest største importør, om enn svakare enn i fjor, mens Lantmännen er like stødige som nummer tre, med eit betre resultat enn i fjor.

Stadig stup hos A-K

Årets verkeleg store nedtur tar A-K seg av. New Holland er nesten halvert frå i fjor, mens CaseIH er meir enn halvert, og i sum er vi veldig nært ei halvering samla sett. Heller ikkje juli gjorde situasjonen betre. Dei to merka fekk til saman registrert færre traktorar enn Fendt åleine.

Nedre del av lista

Også Deutz-Fahr har eit dårleg år, prosentvis nesten like mykje tilbake som New Holland. McCormick og Kubota har begge litt framgang. Ingen av desse gjer nemnande sprell i juli. Eit anna markert merke som kan nemnast er JCB, som heller ikkje i juli fekk gjort noko med jumboplassen på lista. Ein registrert traktor til no i år er ikkje mykje å skryte av.