DeLaval BCS q
DeLaval BCS q

Hold-kamera klart for sal

DeLavals 3D-kamera for automatisk holdvurdering av kyr er straks klart for den norske marknaden. Data herifrå skal bidra til betre helse, betre fôring, høgare yting og betre fruktbarheit, melder selskapet.

Publisert

3D-kameraet sjekkar dagleg om kua skal ha meir eller mindre mat. Liknande løysingar er så langt ikkje tilpassa heimebruk.

Kameraet vart lansert på EuroTier seinhausten 2014, og omtalt i Bedre Gardsdrift nr. 1 2015. Opplegget er at eit nytt 3D-kamera blir montert over gangarealet til kyrne. Ei datamaskin registrerer kva individ som går forbi, og vel det mest høvelege stillbildet frå passeringa. Det tredimensjonale biletet blir deretter vurdert opp mot idealkurver.

– Ved å vurdere holdet kan du fôre meir presist. I buskapar med perfekt hold er mjølkeytinga større. Vi har undersøkingar som viser at fertiliteten aukar med 50 prosent, fordi kua raskare får tilbake godt hold. Det gir kortare kalvingsintervall og kortare tomperiodar. Dessutan vert det færre tilfelle av ketose, meiner DeLaval.

Det å vurdere hold manuelt er ein jobb for få bønder tar seg tid til i dag. Ved at jobben blir automatisert, med daglege rapporteringar til programvaren for buskapsstyring, kan du på enkelt vis oppnå det DeLaval meiner er store fordelar.

Kamerasystemet har fått namnet DeLaval BCS (må ikkje forvekslast med den italienske produsenten av slåmaskiner, tohjulstraktorar osv). Systemet er meint å monterast saman med konsernet sin mjølkerobot.