Vektstang

Publisert

Du har sjeldan behov for å køyre med alle frontvektene på traktoren samstundes. For å unngå at dei blir liggande å flyte utover golvet, kan du gjere som i traktorhallen på Blæstad:

Like innom den eine garasjeporten er det laga eit stativ. Det består av eit langt flatstål på høgkant. For kvar 0,6 meter er det sveisa på eit anna flatstål, som er fastskrudd til stenderverket i bygningen. Der er det også føter.

Eit godt tips er å plassere stativet slik at du kan køyre heilt bort med traktoren. Da blir det kortare veg å bere vektene.