Vassvogn på kubeite

På eit kvigebeite kan det vere dårlig med tilgang på vatn. Ei løysing er å lage ein tilhengar med drikkekar på.

Publisert

På eit kvigebeite er det dårleg med tilgang på vatn. Olav Gropen fra Brumunddal fann ut at den enklaste løysinga på det er å lage ein tilhengar med drikkekar på. Drikkekara sit fastskrudde i kvart sitt kanalstål, som igjen er fastskrudd bak på tilhengaren.

Dei to vasstankane er gamle herdar-kar frå Langmoen parkett, som rommar 1000 liter kvar. Dei fekk Olav gratis. På tappestussen av desse har han festa ein slange med slangeklemmer. Slangane møtest i eit T-stykke, og frå dette går det eit plastikkrør til drikkekara.

Vasstankane står på kvar sin palle, og er dermed lette å flytte ved behov. Gropen trur at tankane vil stå godt når dei er fulle av vatn. I pallane har han spikra fast nokre fjøler som går ut i tihengarkarmane, slik at tankane skal stå godt også når dei er tomme.

Powered by Labrador CMS