LMB tar berre Case IH

LMB har bestemt seg for å satse på berre eitt traktormerke. Sterk tillit til CNH-konsernet og store forventningar til komande produkt er av grunnane. Prising av CS-moddellane pågår for fullt.

Publisert

Denne veka vart det klart at LMB vil satse alt på ein hest, og at den kjem frå konsernet CNH sin stall.Modellane frå seriane MX Maxxum og MX Magnum vil bli selt som før. Vil du ha ein mindre traktor, kan du velje frå den austerrikste CS-serien. I tillegg får du altså auterrikske CVX, med trinnlaus transmisjon.CS-serien er som kjent produsert ved den same fabrikken, altså den tidlegare Steyrfabrikken i Austerrike. Fleire av modellane har svært interessante spesifikasjonar. Etter mange år utan særleg satsing på Steyr, kjem altså merket no for full maskin. I tillegg til satsinga frå LMB, med raud lakk og Case IH-merke på panseret, kan du i Bedre Gardsdrift nr. 2/01 lese at A-K maskiner vil importere Steyr med trinnlaus transmisjon. Prisinga av CS er snart unnagjort. Dei første traktorane er venta inn til landet om kort tid.

- Vi valde å satse berre på Case IH fordi vi veit kva konsernet CNH står for. Vi har eit mangeårig samarbeid med Case IH og seinare CNH, og har gode erfaringar. Samstundes ønskar vi å halde oss til ein leverandør. Vi ser for oss eit framleis godt og langvarig samarbeid med CNH, med trygge leveransar av Case IH traktorar og deler, forklarer Olav Løberg, sjef for den norske avdelinga av LMB.Han fryktar ikkje at CNH skal slå saman Case IH og New Holland. - Du brukar ikkje 55 milliardar for å legge ned eit traktormerke. Det som skjedde då Fiat og Ford vart slått saman, er ei historie med heilt annan bakgrunn. Fiat var ikkje noko globalt traktormerke. Til Ford-namnet var det ein klausul om at det skulle ut av bruk etter ei viss tid. Denne gongen er det for første gong to globale og sterke varemerke som er slått saman, og det har aldri kome signal om at leiinga vil rasjonalisere bort verken det eine traktormerket eller dette sine distribusjonskanalar. Vi har tru på at CNH, med to traktormerke, vil vere ein stor og viktig aktør på verdsmarknaden i lang tid framover.

Powered by Labrador CMS