Lett å flytte gjødselpumpe med hjul

Publisert

Flytting av gjødselpumpa vart ein enkel einmannsjobb etter at Gudmund Rangen monterte på hjul. Originalt har pumpa berre ramme og føter. Hjula stammar frå ein Øglend trehjulssykkel, av den typen som blir brukt i barnehagane. Der pumpa står, må hjula demonterast heilt, og det er like snart gjort som monteringa. Først festar han boltane oppe, deretter vippar han ramma til hjula fram, ei side om gongen, og set i den vesle bolten.

Powered by Labrador CMS