Krav til lastsikring

Krava til lastsikring er like strenge for traktor som for lastebil. Ei rettleiing til forskrifta frå 1988 viser korleis sikringa bør gjerast i praksis. Fiberstropper passar oftast best.

Publisert

Dagleg leiar ved Sevendal trafikkskole i Hamar, Roy Willy Myhre, har erfaring med sikring av lass sidan 1978. Den gongen heitte det berre at lasset skulle vere forsvarleg sikra. Slikt er vanskeleg å bevise, men det motsette er lett å sjå om det skjer ei ulukke.

Klare reglar

Regelverket er enkelt og klart: Alt lass skal sikrast. Framover skal sikringa tole vekta av lasset, bakover og til sidene skal den tole halvparten. To unntak finst: Innvendig i personbilar er det ikkje krav til sikring, og på køyrety som ikkje går over 30 km/h er kravet til sikring framover halve vekta av lasset. Ut over dette kan reglane enkelt oppsummerast til at ingenting skal forskyve seg eller falle av under transport.På ein godkjent tilhengar toler framlemen ei slik belastning. Ligg lasset inntil, treng du ikkje sikre meir framover. Stort sett er også sidelemmane sterke nok om du lesser heilt inntil dei.Eigentleg byggjer all lastsikring på sunn fornuft. Med det og kjennskap til regelverket er du trygg, slår Roy Willy Myhre fast.

Tre metodar

Tre metodar er aktuelle. Låse, stenge og surre. Sistnemnde er klart mest brukt, men fungerer sjeldan godt åleine. Låsing er lite aktuelt i jordbruket. Den metoden er til dømes brukt for å sikre containerar til lastebil.Til surring kan du bruke stropper eller kjetting. Tau er bannlyst. Utstyret skal vere merka. Fiberband skal ha informasjon om materiale, leverandør, brotstyrke i rett strekk og produksjonsår. På kjetting skal liknande informasjon stå på ei metallplate ved eine koplingsløkka.Om bandet eller kjettingen er skadd, kan brotstyrken vere redusert til ein liten brøkdel av kva han skal vere. Då er ikkje sikringa godkjent. Sjå difor regelmessig etter skader i sida på bandet, i saumane og der krokar og beslag er festa. Smuss og olje reduserer styrken. Polyester toler ikkje temperaturar over 100oC, og heller ikkje sterke kjemikaliar. Derimot toler det olje og bensin. Fiberband kan vaskast i white-spirit eller mildt såpevatn på inntil 60oC. Kontrollér strammar og lås. Knyting er strengt forbode. På ein kjetting kontrollerer du om den er forlenga. Det kan du gjere ved å legge han ved sida av ein ny kjetting, og telje at det er like mange løkker på same lengda. Sjekk også sveisane i løkkene, krokar og koplingsløkker. Det er ikkje lov å sveise i kjettingen.Utstyr for sikring av last er ikkje godkjent som løfteutstyr.På lastsikringsutstyr er det ikkje nokon tryggleiksmargin. Difor er utstyret ubrukbart om det er skadd, forklarer Myhre. Til stenging er det ikkje slike krav. Der klarer det seg med sunt vit. Du kan lage skoringsklossar (skråklossar) sjølv, berre dei er store nok. Tre er godt nok til slikt. Stenginga skal også vere fast, slik at den ikkje kan forskyve seg.

Festekrokane bør sitje på innsida av karmane. Stenging må til.

Tett i tett

Har du to gjødselpallar i breidda og to i høgda, skal du bruke vekta på alle fire når du finn ut kor mykje du skal sikre. Kvar einaste rad bakover tilhengaren skal sikrast.Set kassar og pallar tett i tett. Då blir sikringa betre. Ikkje la det bli att rom mellom noko, for det reduserer styrken på sikringa.Ver klar over at ein full potetkasse har same friksjon mot planet på tilhengaren som ein tom. På skarpt gods kan det vere greiast å bruke kjetting. Dersom det berre er ein kant som er skarp, kan du legge eit kantvern over denne. Slikt er å få kjøpt, eller du kan lage deg noko sjølv.

Køyrety

Har du gravemaskin, er beste måten å sikre den slik: Stenging med skoringsklossar framom og bakom belta, og kjettingsurring i kryss framme og bak. Ved transport av køyrety skal kvar surring tole halve vekta av det transporterte køyretyet. Du skal stenge med fire eller åtte klossar. Med fire skal kvar kloss dekkje ein tredel av hjulradiusen, mens kvar av dei åtte klossane skal dekkje ein firedel. Eventuell midjestyring skal vere låst med bolt. Radius er halvparten av diameteren (tverrmålet).

Rundballar

I forskrifta blir rundballar sett på som rullande gods. Med inntil to ballar i høgda skal fremste og bakarste ball stengast med skoringsklossar i minst ein tredel av radiusen. Med fleire lag skal stenginga dekke halve radiusen. Dessutan skal lasset surrast på langs. Sidelemmane skal dekke minst ein femtedel av radien på øvste laget. Etterstramming er viktig, særleg på gods som er litt elastisk. Myhre rår til at du køyrer nokre minutt, så lasset får sett seg. Så stoppar du og etterstrammar alle surringar.

Sikring av rundballar.

Lausmasse

Lausmasse som grus, gras eller ved skal sikrast med lem. Ha gjerne topp på lasset, men ikkje meir enn at all massen vil ligge jamt med lemen om den vert jamna ut. Lass som det kan fyke av, skal ha presenning over seg.

Tre

Tømmer skal ikkje rekke høgare enn frontgrinda på tilhengaren. Du skal bruke to surringar pr. stokklengde tvers over lasset. Tilhengaren skal ha minst to sidestøtter. Ved køyring av bygningsmaterial er det vanleg med midtstøtte på lastebil, i tillegg til surring. På traktortilhengaren er alternativet å stenge materialbunten, om du ikkje kan lesse heilt ut til sidelemmane.

Merking bakom

Stikk lasset ut meir enn ein meter bakover, skal det merkast med ein 50 cm høg sylinder. Den skal ha fem cm breie striper i raudt og kvitt. Det er ikkje krav til merking av last som stikk mindre enn ein meter utom lasteplanet bakover, men Roy Willy Myhre rår til å henge ein bærepose på det. Stikk lasset ut meir enn to meter, skal det søkast dispensasjon. Det same gjeld om breidda er over 260 cm, eller om lasset elles er minst fem cm breiare enn køyretyet. Myhre minner om at lass som stikk meir enn 15 cm utom breidda på traktoren eller tilhengaren må merkast med plater på 25 x 50 cm, med skråstilte gule og raude striper. Er det mørkt skal desse ha to kvite lys framover og to raude bakover. Han karakteriserer det som heilt uforsvarleg å køyre med ei harv som er breiare enn traktoren utan merking. Gult varsellys på taket skal brukast ved breidder over 260 cm, og elles ved det vi kan kalle avvikande trafikkåtferd. Ved normal køyring skal varsellyset vere av, viss ikkje blir det som å rope ulv-ulv.

Dispensasjonar

For transport innan eit byområde søkjer du til politiet. Innan fylket er det vegsjefen som avgjer, mens mellom fylke er vegdirektøren rette mottakar. Du kan søkje dispensasjon for inntil ti år om gongen.

Krok på innsida

Surringane er sterkast om dei går vinkelrett mot planet. Andre vinklar gir svakare surring. Det beste er difor å ha krokar på innsida av karmane. Då står surringa strakast, og du slepp at sidekarmane blir bøygde innover. Skal du frakte noko anna enn lausmasse, skal lasteplanet vere reingjort før du lastar opp.

Det beste er om surringa går vinkelrett mot underlaget.

Ansvar

Førar har ansvar for at lasset er sikra, og han er ansvarleg for utstyret under bruk. Eigar eller den som har råderett over køyretyet pliktar å hindre at køyretyet blir brukt om det ikkje er i forsvarleg stand. Forsvarleg stand vil seie at det har lastsikringsutstyr om køyringa tilseier at slikt skal brukast. Sjølv om det er eigar sitt ansvar at køyretyet er i forskriftsmessig stand, er det førar sitt ansvar å sjå til at det er det ved bruk.Reglane gjeld ved all ferdsle med motorvogn. Myhre poengterer at skaden kan få like stort omfang langs ein gardsveg som langs ein hovudveg, og at meininga med forskriftene er å hindre skade på folk og materiell. Påtaleverket kan gi deg førelegg eller bøter om du ikkje sikrar skikkeleg. Grove brot fører til inndraging av førarkortet. Oppstår skade på grunn av dårleg sikring av lasset, kan du risikere fengselsstraff, i tillegg til regresskrav frå forsikringsselskapet.

Powered by Labrador CMS