Kaldfjøs endra driftsopplegget

Sundtrakka kulturbeite tvinga fram ein overbygd fôringsplass. Prisskilnaden opp til eit uisolert heilårshus viste seg så liten at det vart løysinga. Det har medført store endringar i drifta.

Publisert

Vest for Vestnes finn vi garden til brørne Guttorm og Harald Kjelsvik. Dei produserer mjølk og kjøt med eit arealgrunnlag på 380 dekar og ein kvote på 145 000 liter.

På 70talet praktiserte dei nullbeiting, etter som det var god latin på den tida. Etter kvart har dei kome til at det likevel er best å la dyra gå ute om sommaren. Dei lar kyrne vere tørre i halvannan månad, noko som frigjer mykje tid.

- Vi har ein skogteig på kring 20 dekar like ved tunet. Der kan dyra gå når dei vil heile sommaren. Når jordråmen tillet det, får dei dessutan beite på tre skifte kultureng som kvar er på 20 dekar. Problemet er berre at stor dyretettleik og mykje nedbør fører til mykje sundtrakking. Slik beiting er dårleg arealutnytting. Avlinga går ned, og det same skjer med levetida på enga. For å redusere dette problemet ville vi ha høve til å fôre under tak og samle opp gjødsla. Det viste seg at dette vart temmeleg dyrt, særleg med omsyn til at ein overbygd fôringsplass berre er i bruk få månader kvart år. For nesten same prisen kunne vi fått eit uisolert heilårshus, fortel Guttorm.

Dermed vart det løysinga for brørne Kjelsvik. Fjøsen medførte dessutan ei omlegging av produksjonen, som ser ut til å ha berre positive sider.

NRF ammeku

Dagens driftsopplegg hos Kjelsvik er slik: Etter kvart som kyrne tar til å kalve om hausten, blir dei sett inn i kvar sin binge i kaldfjøsen. Der går ku og kalv saman i fire-fem dagar. Deretter går kua inn i gamlefjøsen, der mjølkekyrne går i lausdrift. Kalven slepp saman med neste ku som har kalva. Dei beste kyrne blir losa inn i gamlefjøsen, mens dei dårlegaste blir att som ammekyr.

Kjelsvik har tre kalvar under kvar ku, og tre kyr går saman i kvar binge. Dersom ei mjølkeku blir trespent, får høgt celletal eller av annan grunn blir sjalta ut av mjølkeproduksjonen, blir ho straks sendt over i ammefjøsen. På denne måten vert alle kalvane amma fram til dei er seks månader gamle. Skal vi tru Guttorm Kjelsvik, kan dei knapt få ein betre start på livet.

- Her har NRF eigenskapar som ikkje er utnytta. Ved skikkeleg stell er dette ei god ammeku. Vi får ein mykje betre kalv på denne måten, og det med vesentleg redusert arbeidsinnsats. Med dette opplegget er det ikkje nokon grunn til å krysse inn andre rasar. Amminga gjer at kvigene venner seg til mjølkemaskina utan problem.

Dyra våre er blitt rolegare, eg vil faktisk påstå at vi har mindre problem med alt! Her er sjeldnare dyrlege, få mastittbehandlingar, flottare kalvar og mindre arbeid. Blir celletalet for høgt, er eit par månader med amming ein betre kur enn medisinering.

Forutan å leve på mjølk, har kalven fri tilgang til eige kraftfôr, som kua ikkje når tak i. Dessutan kan han ete av kyrne sitt grovfôr.

Nesten millionen

Den nye fjøsbygningen kosta brørne 900 000. Eigeninnsatsen er avgrensa til administrasjon og utgraving av tomta. Resten vart gjort med leigd arbeidskraft.

Alt av betong er støypt på plassen. Spaltene over flyterennene likeins. Desse er 18 cm høge, mot 15 cm som er normalt på kjøpte. Dessutan er dei støypte saman på midten som ei sikring. Utanfor porten mot beitet er det ein støypt platting. Resten av bygget er i stål. Sjølve stålbygget er kjøpt i Sverige for 75 000 kroner.

Dei største kostnadene er knytte til innreiing og betongarbeid.Kaldhuset har eit areal på 256 kvadratmeter. Alle veggane er 16 meter lange, og det er 3,5 meter opp til takraftet.

Eit kritisk punkt er drikkevatnet. Stundom kan temperaturen kome ned i 10 kuldegrader. Difor går vatnet inn på ein termostatstyrt varmtvasstank på veggen, før det blir pumpa ut i ei isolert sløyfe rundt fôrbrettet. Vatnet sirkulerer heile tida via varmtvasstanken. Rørstubben på 40 cm opp til kvar av dei isolerte drikkeniplane er ikkje kopla så vatnet kan sirkulere, men her har det ikkje vore frostproblem til no.

Nokre små vanskar har det derimot vore der inntaksrøret for vatnet går inn på den oppvarma sløyfa, trass i at det ligg ein varmekabel langs røret. Likevel fortel Guttorm at vinterdrifta har gått betre enn rekna med.

Den nye fjøsen har flyterenner og ein pumpekum på 130 m3. Denne er så liten fordi det er bygd ein gjødselkjellar med rikeleg stor kapasitet knytt til den gamle fjøsen, dit gjødsla blir pumpa med jamne mellomrom.

- Hadde situasjonen vore ein annan, burde vi bygd med full gjødselkjellar under den nye fjøsen også. Det ville gitt ein meirkostnad på kring 100 000 kroner, men det kunne vore lurt.

Mykje luft

Ventilasjonen består av løfta mønekam og eit spesielt nett i staden for vindauge på tre av veggane. Nettet er amerikansk og heiter Galebreaker, altså stormbrytar. Det luftige fjøset har virka positivt på dyrehelsa.

- I mange år var vi plaga med kneleddbetennelse på kalvane. Vi klarte ikkje å finne ut kva dette kom av, men etter at vi flytta kalvane til den nye fjøsen er problema heilt borte. På ein studietur til USA fekk vi høyre om kalvar som hadde hatt lungelidingar. Dette vart det slutt på etter at kalvane fekk gå ute, med små hytter som vern mot det kalde vinterklimaet. Eg trur vi har bygd fjøsane våre feil her i landet, at vi har hatt for lite luftskifting.

Heller ikkje i gamlefjøsen er klimaet som vi er vant til vinterstid. Her lar brørne temperaturen krype ned mot frysepunktet.

Eige kalveareal

Kalvane har sitt eige areal framom kyrne. Der går dei på talle. Mot ytterveggen, er det ein gang for tildeling av halm og flytting av dyr. Denne løysinga er ikkje brørne nøgde med. Det ser ut til at kyrne ikkje likar å ligge med hovudet fram mot tallen, og tallearealet er i minste laget når kalvane blir store. Dessutan er det trongt for store kalvar å ta seg bak på kuarealet, for der må dei under dei vassrette røra i liggebåsinnreiinga. Difor vil brørne sette opp ein vegg framom liggebåsane. I denne skal det vere ein loddrett opning for kalvane.

Gangen ut mot veggen vil dei ta til talleareal. Over dette vil dei lage ein enkel plattform som dei kan hive ut halm frå. Dessutan skal dei gjere forsøk med sluk under tallen, og rør fram til flyterenna. Det har nemleg vore eit problem med gjødselvatn som kjem sivande frå tallen ut i liggebåsane. Det kan vere ein av grunnane til at kyrne ikkje har likt liggebåsane særleg godt. Dersom sluken fungerer, skal kyrne få båsmatter.

Gardsfakta

Garden Sævelund er eit såkalla nyjordsbruk fråbureisinga i 1923. På den tida tykte framståande forretningsfolk i Oslo at det var for ille at så mykje dugande landsens ungdom reiste til USA. Difor skipa dei Selskapet til emigrasjonens innskrenkning, som bidrog sterkt til at mange heller reiste til ein ny plass i gamlelandet for å dyrke der. Til Romsdalen kom mange frå Sunnfjord, Nordfjord og søre Sunnmøre.

Garden som brørne Harald og Guttorm Kjelsvik driv har 230 dekar dyrka mark. I tillegg leiger dei 150 dekar. Mjølkekvoten er på 145 000 liter. Til mjølkeproduksjonen reknar dei 26 årskyr, og kaldfjøsen har plass til nesten like mange ammekyr. Totalt er det 130 storfe på garden, men dei vil gjerne auke dyretalet.

Forutan å drive gard, driv brørne eit renovasjonsanlegg i nærleiken saman med tre andre bønder. Guttorm er dessutan aktiv i organisasjonslivet. Mellom anna er han styremedlem i Bondelaget og nestleiar i Norsk Kjøtt.

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 6/2000. Bladet kan du laste ned her.)

"
Powered by Labrador CMS