Enklare påsetting av tilhengerkarmar

Publisert

På Gudmund Rangen fra Nærbø sin heimelaga tilhengar fann vi eit par lure detaljar. Gudmund lagar hengslene sjølve. Han har sett seg lei på at sidekarmar og baklem skal vere så vanskeleg å kople fordi alle hengslene må treffe rett samstundes. Difor har tappen på hengslene hans ulik lengde. På sidekarmane har bakarste hengsla ein tapp på seks cm, den framme fem cm og tappen i midten er fire cm.Lykteglass på tilhengerar har lett for å knuse. Risikoen for dette reduserte Gudmund med at han sveisa eit gitter som blir skrudd fast over lyktene. Er pæra gåen så er det ikkje mykje arbeid å skru av dette gitteret.

Powered by Labrador CMS