Breiføtt støttefot

Publisert

På garden Torland er det ein del myr. Det meistrar ikkje ein vanleg støttefot, og dermed blir det plundersamt å kople på fulle avlessarvogner eller tilhengarar ute på enga. Det har Ole Torland løyst genialt enkelt: Han har tatt ein utbrukt rullekniv frå ein plog, bora hol i støttefoten etter hola i denne og skrudd dei saman.

Powered by Labrador CMS