A-K satsar på Case IH

Etter nær to månader med spekulasjonar, er det endeleg klart: A-K maskiner er ny importør av CaseIH.

Publisert

A-K maskiner blir ny importør av Case IH, i tillegg til at importen av New Holland går vidare.

No har selskapet sikra seg einerett i Noreg til å forhandle alle landbruksmaskiner laga av CNH, og A-K maskiner tar sikte på å selje Case IH traktorar og deler frå 1. november.

To merke, to sett medarbeidarar

A-K maskiner vil splitte organisasjonen sin på dei to merka. Det skal vere eigne folk på importkontoret på Kløfta som berre arbeider med Case IH, og eigne folk som arbeider med New Holland.

Likeins vil forhandlarane vere reine Case IH-senter eller reine New Holland-forhandlarar, tydeleg profilert ut frå kva merke som vert selt. Enkelte avdelingar kjem til å selje begge merka. I så fall er all profilering retta mot eitt merke. Dette skiljet gjeld berre traktor. Reiskapsprogrammet frå A-K maskiner kan alle selje.

Auka sal frå fleire utsal

Forhandlarnettet skal utvidast frå å vere representert på 49 plassar til nærare 60. Det kan skje på tre måtar. Eksisterande avdelingar kan få ei knoppskyting med ny avdeling, tidlegare forhandlarar av andre merke kan kome inn i A-K-systemet, eller det kan opprettast noko nytt.

Målet er å halde oppe marknadsandelen New Holland har i dag og kome i gang med Case IH utan å miste for mykje, på kort sikt. Etter omlag tre år skal Case IH og New Holland ha auka marknadsandelen totalt til over 30 prosent, skal vi tru målet til A-K maskiner og CNH-konsernet.

- Mykje traktor for pengane

For å klare det, må A-K maskiner unngå at Case IH og New Holland konkurrerer med kvarandre. Det skal skje mellom anna ved større skilnad på produkta. Dei blå traktorane skal vere innovative, mens Case IH spelar på slagordet Styrke og tradisjon.

Med andre ord skal traktorane spesifiserast meir ulikt enn i dag, til dømes ved at Case IH blir selt med enklare girkassar. Modellutvalet til Case IH skal reduserast, men framleis skal merket tilby traktorar i alle effektklassar. Case IH skal i utgangspunktet framstå ein prisgunstig traktor.

Det er aktuelt å by på utstyrspakkar, til dømes kampanjar med traktor og frontlastar eller ein annan utvald reiskap. Marknadssjef for Case IH hos A-K maskiner, Geir Rogstad, vedgår at det er enklare å skilje traktorane i dei låge effektklassane enn i dei høge. Case IH har i mange år vore av dei mest selde traktorane i dei øvre effektklassane, og her er gjerne traktorane ganske godt utstyrt. Slike kundar vil sjølvsagt A-K maskiner ta med seg vidare.

- Vi meiner at New Holland og Case IH i stor grad skal konkurrere mot ulike traktormerke. I denne tankegangen skal Case IH vere enkelt og greitt utstyrt, og gi mykje trekkraft for pengane.

Delelager

A-K maskiner går også i gang å bygge opp delelager for Case IH, både for nye og tidlegare modellar.

- Vi skal ha eit omfattande delelager for Case IH på Kløfta, men det vil ta ei viss tid å byggje opp. Frå 1. mai i år styrka vi deledistribusjonen vår, slik at ordrar mottatt før klokka 15.00 skal vere framme hos kunden neste dag. Det gjeld både om delen er på lager hos oss, eller om den må hentast frå CNHs sentrallager i Frankrike.

Difor meiner vi å vere leveringsdyktige på alt av deler til Case IH av nyare og eldre utgåver, men sjølvsagt har vi ikkje god nok kunnskap om delemarknaden her enno. Det skal vi gjere noko med, lovar adm. dir. Truls Skalmerud. A-K maskiner kan levere deler til Case IH frå 1. oktober.

Ein grundigare omtale finner du i Bedre Gardsdrift nr. 7 2005, som du kan laste ned her.

"
Powered by Labrador CMS