371 traktorar registrert i januar

Traktorsalet held fram på same nivå som i fjor. I januar vart det registrert 371 nye traktorar. På mange av desse er kjøpekontrakten skriven på tampen av fjoråret.

Publisert

Som vi er blitt vant med, er John Deere i tet. Denne månaden med solid margin, med 28,3 prosent av marknaden. Deretter følgjer New Holland og Valtra med gode tal. MF er under 10 prosent. Det kan kanskje skuldast at merket fekk registert mange traktorar i desember. CaseIH har litt dårlegare tal enn dei låg på i fjor, med 6,7 prosent. McCormick gjer det respektabelt bra.

Rogaland er fylket med flest registrerte i januar, med 48 traktorar.

Powered by Labrador CMS