Vektlaust i Finland og Sverige

Grensene for traktorførarkort i Danmark, Sverige og Finland er langt meir liberale enn det Vegdirektoratet foreslår her i landet.

Publisert

Kjell Mangerud på Blæstad har lagt ned ein grundig jobb i å dokumentere eigenskapane traktoren har i trafikken, for å gi solide innspel til Vegdirektoratet. Han refererer også til situasjonen i dei andre skandinaviske landa, der reglane er slik:

Danmark

Alle med førarkort klasse B (bil inntil 3500 kg) kan køyre traktor inntil 30 km/h, og med ei maksimal vogntogvekt på 44000 kg. Frå fylte 16 år kan danskane ta traktorførarkort, som gir dei same rettane. Det er lov å køyre traktor som har høgare konstruktiv hastigheit, så sant desse ikkje blir køyrt fortare enn 30 km/h. Det blir arbeidd med eit regelverk for 40 km/h.

Sverige

For å køyre traktor og motorreiskap med konstruktiv fart maks 30 km/h må du ha traktorførarkort (frå 16 år) eller førarkort klasse B. Etter dispensasjon kan du få førarkort frå fylte 15 år. Det finst ingen vektgrenser.

Finland

Alle med traktorførarkort eller førarkort klasse B kan køyre traktor inntil 40 km/h. Det er ingen vektreglar.