Våronn: Råd mot klining

Med rett utstyr kan du pløye klistrete og vanskeleg jord med godt resultat. Men minst like viktig er det at utstyret blir brukt på rette måten.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 2 1998)

Odd Braut frå Kverneland har forklart oss meir om kva som må til for at du skal kunne gjere ein best mogeleg jobb når du snur jorda.

- Det som er viktig å ha klart føre seg, er at bonden har som mål å gjere ein god pløyejobb med tanke på såbed og ugras. For å få det til, må plogen sleppe gjennom jorda på rette måten. Det er ikkje artig å vere bonde og oppleve svært dårleg resultat trass i at ein gjer så godt ein kan.

Problema med klining er kjent frå område med mykje leirjord. Kringom i Europa fører større mengder husdyrgjødsel til meir humus i jorda, noko som forsterkar vanskane med klining. Vi ser tendensar til dette også i Noreg.

Stål, striper og plast

Plast er eit unikt materiale på veltefjøler, for på ein plastplog får du nesten aldri klining. Du kan få både veltefjøla, brystet, skumfjøla og fjøla på forplogen i plast. Ulempa med plast er at delane fortare kan bli utslitne.

Er storparten av jorda di klinete, er veltefjøler av plast beste alternativet. På slik jord er det ingen skilnad i slitestyrken mellom plast og stål. Er halve arealet ditt klistrete jord, mens resten er sand- og grusjord, vil det vere gunstig å ha plastplog, men du må rekne med at veltefjølene har omlag 25 prosent kortare levetid enn vanlege. Stripeplogen kan vere løysinga viss du har problem med klining på mindre enn halve garden din, og jord som slit mykje på resten. Denne plogen har like lang levetid som ein vanleg plog, og taklar klininga betre enn ein vanleg plog, men litt dårlegare enn plog med plastveltefjøler.

Kverneland har laga plastplogar i kring ti år. Dei har berre gode erfaringar med plastikken. Slitestyrken varierer som nemnt mellom dei ulike jordartane, men er generelt god. Veltefjøla er solid og fleksibel. Ho er nesten like sikker mot brot som dei vanlege veltefjølene.

På dei fleste plogane som ikkje er særleg gamle, kan veltefjølene bytast til både plast og striper. Odd Braut meiner du bør ha spesialveltefjøler viss over ein femtedel av garden er vanskeleg å pløye skikkeleg med vanlege veltefjøler. Du kan eventuelt droppe å pløye dette arealet viss du ikkje klarer å gjere ein god jobb.

Vanleg plog

Er du skikkeleg nøyaktig med innstillinga, kjem du eit stykke med den vanlege plogen. I klinete jord er det viktigare enn elles at plogen går med minst mogeleg motstand i jorda. Berre små feiljusteringar skal til før du får klabb.

- Skumminga er største problemet her. Skumutstyret stoppar den naturlege farten jorda har på veltefjøla. Skumfjøl er i alle fall dårlege greier på slik jord. Skal du unngå klining med skumfjøl, må du stille bort skummefunksjonen, forklarer Odd.

Forplogen skal stillast like langt fram som spissen på plogen. Då blir torva skumma før ho blir skoren av, og held dermed farten oppe gjennom plogen. På klinete jord blir det sjeldan vellukka å skumme djupare enn tre til fem centimeter.

- Pløyeresultatet er heile tida det vesentlege. Du skal ha god velting, og torva skal ned. Då er det betre å skumme to cm utan klin enn fem med.

Du kan tene på å demontere plogspissen mens du pløyer klinejord. Det ser Odd Braut på som den mest aktuelle løysinga her i landet. Skjeret skal gjere like god jobb utan, som med spiss. Klininga oppstår av at det blir danna luftlommer mellom velta og plogkroppen til dømes i mellomrommet mellom spissen. Nedfelt spiss er ei god løysing, sidan denne gir ein jamn overgang til skjeret.

Rust deg mot rust

Med problemjord har du enda meir igjen for å stelle plogen etter sesongen. Umiddelbart etter pløying må du gi plogen ein god vask, og smørje alle smørjepunkt. Lagrar du plogen inne, er det nok å setje han inn med ein eller annan olje. Skal han lagrast ute, må du fram med tectylboksen.

- Desse enkle råda sparar deg for mykje bry til våren, forklarer Odd Braut. - Rust øydelegg poleringa. Veltefjølene blir polerte hos oss før vi lakkerer dei, og dei forblir polerte når plogen er i bruk. Straks plogen er ute av bruk, tar han til å ruste. Då blir det små krater i overflata. Friksjonen blir større, akkurat som problema med jord som ikkje vil sleppe. Klinete jord har liten polerande effekt og slit i det heile lite på plogen. Har du først har fått rust på veltefjøla og har mykje klistrete jord, må du slite med problemet ei stund.