Uaktuelt!

STRYN: Arve Fjellkårstad har i mange år hatt brøytinga på tre–fire mil lokalveg, men den nye avtalen med Mesta er ikkje aktuell å godta.

Publisert

Les også:- Angrar, men kan ikkje seie opp" - Heller kommunen enn Mesta"- Bastet og bundet" - Frårår å skrive under"DENNE ARTIKKELEN ER FRÅ BEDRE GARDSDRIFT 7/2006, POSTLAGT 27. SEPTEMBER. Det er ikkje aktuelt å signere utan at han får gjennomslag for fleire viktige krav, og svar på fleire spørsmål. I skrivande stund er difor Mesta utan nokon til å brøyte 33 kilometer riks- og fylkesveg på nordsida i Stryn, enda kontraktsperioden eigentleg er i gang.

– At eg skal overvakast med GPS opplever eg som eit stort tillitsbrot. Brøytelistene vi er pålagt å føre, som vi får betalt etter, er meir enn gode nok. Korleis skal eg kunne stole på Mesta når Mesta med kravet om GPS så tydeleg viser at dei ikkje stolar på meg? Statens Vegvesen, som har gitt Mesta i oppdrag å få vegen brøytt, stiller ikkje krav om slikt til Mesta. Dessutan, om GPS`en skal brukast til fakturering, vil det bli ganske feil. Roda mi går heilt ned til fjorden og opp til eit par hundre meter over havet. Nokre gongar er det knapt snø lengst nede, og då meiner Mesta at eg skal køyre gratis mellom snøen? Kven har ansvaret ved ulukker? Mesta krev at det skal strøast eller skrapast over ein viss friksjon, men det finst knapt bønder som har utstyr for friksjonsmåling.

– Kva om nokon køyrer seg i hel på roda mi, kven har då ansvaret? Kan eg bli straffa fordi friksjonen på vegen var for dårleg, undrar Fjellkårstad.Meir trivielt er det med snøstikker. Om vegen må skrapast, kven har då ansvaret for å erstatte stikkene som Mestas vegskrape tar?

I kontrakten står det og at underentreprenøren må ta kostnaden med å få gjenopna vegen dersom den på grunn av utilstrekkelig kapasitet/beredskap må stengast. Kor går grensa? Advokat er skeptisk Fjellkårstad har sjekka med advokat om kontrakten kan vere lovleg. Advokaten konstaterer at dette synes å ligge innenfor hva avtaleretten tillater. Likevel meiner advokaten at Fjellkårstad må krevje gjensidig høve til oppseiing, om han går inn i dette.

Rådet frå advokaten er temmeleg klart: Alminnelige besværligheter (...) vil ikke kvalifisere til å komme ut av en kontrakt som vil være særdeles dårlig forutsatt at dieselprisene går ytterligere opp. Samlet sett tør jeg stille spørsmål om De er tjent med å gå inn i kontrakten i det hele tatt, ikke av juridiske grunner, men av økonomiske grunner. Snøballen hos Mesta Fjellkårstad er berre ein av mange i området som ikkje har signert avtalen. Dei ventar no på at Mesta skal kome med eit utspel, og mellom anna godta gjensidig oppseiingsrett, ingen GPS og betre betaling. Først då er det aktuelt med vidare drøftingar.