Traktorsalet opp over 18 prosent

Første halvår i år vart det registrert 341 fleire traktorar enn på same tid i fjor. Det er ein kraftig vekst. Nesten alle merke sel fleire traktorar enn før.

Publisert

Som vanleg dei siste åra toppar John Deere statistikken, men dei grøn-gule slit med å halde oppe den høge marknadsandelen frå første halvår i fjor. Då hadde Deere 25,1 prosent av det totale traktorsalet, mens til no i år er talet 23,9.

På dei to neste plassane er det knivskarp konkurranse. Valtra yppar seg mot NewHolland. Valtra endar på tredjeplass med 329 traktorar, ein bak NewHolland. Det gir ein marknadsandel for dei blå på 17,6 prosent. Valtra går opp 2,2 prosentpoeng til 17,5, og er den eine av to vinnarar til no i år.

På fjerdeplass kjem Massey Ferguson. Etter fallande sal i lang tid, tar MF no til å stabilisere seg, og sikrar seg 14,7 prosent av alle nyregistrerte traktorar første halvår.

Deretter kjem ein annan vinnar, nemleg CaseIH. Også her er marknadsandelen opp 2,2 prosentpoeng, til 10,5. Det er bra for eit merke som har ligge ganske stabilt rundt åtte prosent i fleire år, og som har hatt mykje turbulens kring seg.

For alle andre merke er det minimale endringar.

Dette fører til at Felleskjøpet enno har langt att til nivået dei var på då dei selde to merke, men samvirket er likevel klart på topp. Eikmaskin, med MF og Fendt, er nest største importøren i Noreg, med 11 og 12 fleire nyregistrete traktorar enn A-K og Valtra Norge. Saman med LMB har desse fem importørane 87,6 prosent av den totale marknaden. Tala viser tydeleg at dei store importørane tar ein stadig større del av kaka, år for år.

Tar vi med dei to neste, HCP og Lena med sine samarbeidsimportørar, dekkjer sju importørar over 98 prosent av marknaden. For to år sidan var dette talet drygt 95 prosent.

Tabell: Første tal: Registrerte traktorar første halvår 2004. Neste tal: Marknadsandel i prosent. Siste tal: Endring i marknadsandel frå same periode i fjor.

Powered by Labrador CMS