Traktor og blålys på E6

Lars Halvor Stokstad har traktor som går over 40 km/h. Like før nyttår vart han stoppa av politiet på motorvegen sør for Gardermoen.

Publisert

Politiet hevda at han ikkje hadde lov å køyre på vegen, og kommanderte han til å køyre av vegen på første avkøyring. Dit følgde dei han med tente blålys.

Lars Halvor viste til § 4.2 i Forskrift om kjørende og gående trafikk, utan nytte. Der står at motorvogner og vogntog som lovleg kan køyre minst 40 km/h langs vassrett veg kan køyre på motorveg, med unntak av mopedar.

Stokstad ringte den lokale trafikkstasjonen, som stadfesta at han forstod regelverket rett. Han tok også kontakt med det aktuelle lensmannskontoret for å forklare reglane for dei.

-Det er mange som er stoppa med traktor på motorvegen rundt her. Ein eg kjenner vart stoppa to gongar, og politiet truga med å melde han. Difor har eg ei utskrift av lova liggande i traktoren, i fall eg blir stoppa fleire gongar, seier Lars Halvor.

Treng du utskrift av lova, finn du den på Lovdata sine sider.

Ta gjerne kontakt om du har tips om traktor og trafikk.

"
Powered by Labrador CMS