Ting skjer

MF held seg på andre, Valtra er på tredje og New Holland ute av pallen. Det er endringar i den norske traktormarknaden, og traktorkjøparane er på vandring.

Publisert

Dei to CNH-merka CaseIH og New Holland har til saman tapt 8,9 prosentpoeng marknadsandel frå same tid i fjor, altså er nesten heile CaseIH-salet borte. Med andre ord ser det ut til at A-K maskiner held på sine trufaste kundar utan å dra til seg særleg mange nye.

Både Valtra og Fendt har gått opp med kring halvanna prosentpoeng frå i fjor. Det ser altså ut til at Valtra har det godt hos sin nye importør.

I mai er det faktisk berre to traktorar som skil Valtra frå tidlegare stallkamerat John Deere. Så hard konkurranse er det faktisk lenge sidan hjorten har møtt. Mai er tredje månad på rad at John Deere går tilbake. Likevel, førsteplassen ser trygg ut. Det er stor skilnad på å ha registrert 460 nye traktorar, som JD, og 288, som andremann MF. Derimot er det liten avstand derifrå til Valtras 273 traktorar på tredje.

Claas har til no i år 2,1 prosentpoeng, og i mai 3,7 prosent av dei nyregistrerte. Det er sjuandeplass på statistikken for månaden. Dette ser ut til å gå rette vegen, sjølv om LMB nok er glade for at dei ikkje har berre Claas i brosjyrestativet.

Største vinnar til no i år er MF. Ein solid auke frå registreringstala i fjor resulterer i andreplass. I mai er det berre Massey Ferguson som er i nærleiken av John Deere og Valtra i registreringstal. For kvar femte nyregistrerte traktor, har desse tre omlag ein kvar.

Elles vil vi minne om at all norsk statistikk byggjer på registreringstal. Selde traktorar og underskrivne kontraktar kjem ikkje inn på statistikken før traktoren har fått skilt. Med alle endringane som har vore i forhandlarnettet i det siste, kan det enno ta lang tid før vi ser dei reelle konsekvensane.