Store endringar, mykje likt

Talet registrerte traktorar første halvår er som i fjor, rekkefølgja er omlag som førre månad. Dei store endringane vi har sett dette året ser ut til å halde seg.

Publisert

John Deere er nokre prosentpoeng opp og ned, men stabil og stor støtt. Meir er det ikkje å seie om det.

MF ser ut til å vere trygg på andreplass, etter å ha lagt bak seg New Holland og Valtra. Trass i at Eik-kjeden for ei tid sidan var gjennom ein runde med det som kan kallast opprydding i forhandlarnettet, ser det ut til at både kjede og produkt no har stor tillit blant traktorkjøparane. Andreplassen er ikkje tryggare enn at Eik og MF må halde oppe dampen dei seks månadane som står att av året, men i år har dei for første gong på mange år høve til å vere nesten på toppen av sigerspallen, om innsats og sal held seg.

Valtra på tredje har lagt til no årets dårlegaste månad bak seg. Juni er berre halvparten så god som mai. Likevel er andelen av registreringane 15 prosent, og finnen frå LMB er framom New Holland.

A-K sine to merke har nemleg begge litt å stri med. New Holland har ein nedgang frå i fjor på 4,8 prosentpoeng. Sagt på ein annan måte: Fallet i registeringstal tilsvarer det Zetor, Lamborghini og Landini har fått registrert til saman. Dette er ein trend som viste seg i vår, og som siste kvartal har forsterka seg kvar månad. Eit lyspunkt for New Holland er at dei ikkje var langt bak MF om vi ser juni åleine.Med Case IH i produktkatalogen klarer A-K å ta att det tapte, men situasjonen er den at registreringane av Case IH er halvert frå i fjor. Totalt passerer det to prosentpoeng fleire traktorar gjennom A-K-systemet i høve til same tid i fjor. Altså har importøren auka volumet noko, men det er langt att til målet.

Fendt og McCormick er i vekst, og dei to er jamstore. Med god innsats kan dei enda til ta att Case IH, utan at vi tør spå noko. Begge er på eit vis nisjetraktorar: Fendt er ein typisk entreprenør- eller proffbrukartraktor. McCormick er ein meir tradisjonell landbrukstraktor, men har sine sterke nisjar i område med god lokal forhandlar.

Så kjem vi til nykomaren Claas, som stadig klatrar. No er den forbi Deutz-Fahr, og femte størst om vi ser berre på siste månad.

Elles kan det nemnast at det no er 20 merke på lista, etter at Iseki kom inn med ein krabat på 30 hestar fordelt på 1340 kg.

Året under eitt ser bra ut. Til no i år er det registrert 10 traktorar mindre enn første halvår i fjor. Det er så liten skilnad at vi seier at begge åra er like gode. Dermed kan det gå mot nok eit brukbart år på traktorregistreringane.

Er du spent på framhaldet, veit du kor du skal følgje med. Gardsdrift.no gir deg alle tala første veka kvar månad.

Powered by Labrador CMS