Stø kurs

Det er ingen store overraskingar i registreringsstatistikken for mai. John Deere er i tet, framom New Holland, Valtra og MF, om vi ser året under eitt.

Publisert

Framleis ligg registreringane av nye traktorar nesten 20 prosent over fjoråret, som vi minner om var eit svært godt år for traktorsalet i Noreg.

John Deere har etablert seg som nummer ein, med nesten kvar tredje traktor. New Holland er stabilt nummer to. Det er ingen endringar på rekkefølgja på dei ti første plassane denne månaden.

Lenger nede merkar vi oss at JCB har fått registrert to nye traktorar til no i år, mot 11 på same tid i fjor. Elles er der ikkje dei heilt store tinga å fortelje om for mai månad.

Powered by Labrador CMS