Stell godt med tilhengaren

Sandnes: Tilhengaren er ein enkel reiskap. Stort sett er det ikkje store jobben å gå over vedlikehaldspunkta på han. Gustav Stokkeland hos Foss Eik har gjort det for oss.

Publisert

Hjul og dekk

Her er tre kontrollpunkt: Etterstram hjulboltane, sjekk lufttrykket og kontroller hjullagera for slark og slitasje. Det siste kontrollerer du ved å jekke opp hengaren, snurre rundt hjulet og lytte. Ta tak i hjulet og kjenn etter om det er fritt for slark.

Har tilhengaren bremser, blir det stilt krav til at du har minst 1 mm mønsterdjupne i dekka viss totalvekta er over 3,5 tonn, og minst 1,6 mm ved lågare totalvekt.

Bremser

Bremsene må kontrollerast jamleg. Lekkasje i det hydrauliske systemet kan redusere bremsekrafta dramatisk. For vere sikker på at alt er i orden, må du demontere bremsetrommelen.

Dei fleste nyare tilhengarbremser treng ikkje justerast, men på enkelte eldre utgåver kan det vere naudsynt. Uansett må du sjekke om banda er i orden, og om dei sit som dei skal. Sjå etter i instruksjonsboka eller kontakt forhandlaren for å få vite kor mykje bremseband som må vere att. Det er sjeldan bremsebanda blir utslitne, men kjem det olje på dei, må dei bytast.

Ramme og trekkauge

Trekkroken på traktoren er som regel hardare enn trekkauget på tilhengaren. Difor er auget utsett for slitasje, og bør bytast når godstjukna er kring 25 mm. Som vi såg på fôrhaustarramma i nummer tre i år, hender det at du må vere merksam på kroken og.

Smørjepunkt

Ver forsiktig med feittpressa i hjulnavet viss tilhengaren har bremser. Ved normal bruk tilrår Gustav Stokkeland at du lar vere å smørje hjulnavet, slik at du er sikker på at det ikkje kjem smørjefeitt inn i bremsene. Han meiner det ikkje trengst smurning der så sant navet er tett, tørt og reint.

På tilhengarar utan bremser er det lurt å smørje navet forsiktig for å halde vatnet ute.

Pendlinga på boggien er viktigaste smørjepunktet på heile tilhengaren. Tipphengslene bak og det vridbare trekkauget har også smørjenippel. Ved dagleg drift bør desse punkta få fett ein gong i veka.

Tippen

Gummien på hydraulikkslangen er utsett for naturleg aldring. Etter ei tid er det difor fare for at han blir hard og sprø. Då er det ikkje lenge før armeringa kan ta til å ruste, og faren for større skade er stor. Det står meir om hydrauliske slangar og koplingar i Bedre Gardsdrift nr. 6 i 1997.

Viss pakningane på tippsylinderen tar til å bli slitne, tilrår vi at du blar tilbake til Bedre Gardsdrift nr. 5 1997.

Lys

På alt tilhengarutstyr skal det vere lys og refleksar etter føreskriftene. I følgje lova skal alle saktegåande køyretøy ha den store trekanten viss dei er registrerte etter 1. januar 1996.

Resten

Kontroller at låsen er i orden, likeins hengslene og eventuelle kornstøtter. Gjer hengaren skikkeleg rein for å avdekkje sprekkar og rust. Hjørne og sveisar er utsette plassar der rust og materialtrøttleik i verste fall kan føre til brot.

Standard kopling av tilhengarkontakt

På enkelte gamle kontaktar må det gå ein leidning mellom venstre og høgre parklys-kontakt.

Lufttrykk og aksellast

Lufttrykk for nokre dimensjonar. Første aksellast er maks. belastning, den andre er moderat belastning. Ved lågare last eller lågare fart kan du bruke lågare trykk. (100 kPa tilsvarer 1 bar)

Powered by Labrador CMS