Slitne slangar forgiftar traktorhydraulikken

DRAMMEN: Hydraulikkslangar er slitedeler og ofte rekne som det svakaste leddet i hydraulikksystemet. Difor bør du stelle dei godt.

Publisert

Frå Bedre Gardsdrift nr. 6/1997: For å lære meir om slangar og koplingar har vi fått hjelp av Jan Dyre-Hansen frå TESS sitt hovudkontor i Drammen.

Ein av grunnane til at hydraulikk har fått så stor utbreiing som kraftoverføring er at ein kan overføre krefter over ganske lange avstandar samtidig som kraftoverføringa er fleksibel. Slangen dempar vibrasjon og støy kraftig. Han tar opp støt og slag, og er ein buffer for sjokk-krefter slik at andre komponentar vert skåna. Med hurtigkopling går det fort å byte utstyr som er hydraulisk drive.

Standard

Slangar blir ofte produserte etter internasjonale standardar. Dei mest vanlege er SAE- og DIN-standardane, men sjølvsagt er også EU i gang med ein såkalla EN-standard. Kva standard slangen er laga etter skal stå innprenta i slangen. Der skal også produsent, leverandør og produksjonsår stå. Det finst også spesialutvikla slangar som ikkje føl standardane. Då skal trykk-kapasiteten til slangen vere merka utanpå.

Armering

Ein hydraulisk slange har tre hovuddeler: Yttergummi, armering og innergummi. Yttergummien har til oppgåve å verne armeringa mot ytre påkjenningar. Den innvendige gummien skal tole det stoffet som skal strøyme gjennom slangen. Armeringa held imot trykket som oppstår. Oftast er armeringa laga av ståltråd.

Det er to måtar å legge armeringa på. På slangar brukte i jordbruket er fletta buntar av ståltråd mest vanleg, i eit eller to lag. Må slangen vere sterkare, eller viss han ikkje treng å vere like mjuk, blir tråden lagt i spiral. Han er då vikla i ein bestemt vinkel om slangen slik at laga kryssar kvarandre. Denne typen er mykje brukt på skogsmaskiner. I slangekatalogen er det oppgitt kor mange lag og kva type armering som er brukt på kvar enkelt slange. Fletta armering er billegast.

Gummi

Det finst eit utal ulike gummikvalitetar. Gummiblandinga er som ei kakedeig der du kan blande i det du vil. Difor kan produsenten både lage slangar med ekstremt gode eigenskapar, og lage billege slangar med meir fyllstoff i gummien. Dei forskjellige standardane seier ingen ting om kva kvalitet som skal brukast, så det er opp til produsenten. Som regel er det slik at di dyrare slangen er, di betre er kvaliteten på gummien.

Plast

I visse høve kan ein plastslange passe betre enn ein gummislange. Plast er sterkare mot kjemikaliar, og blir difor alltid brukt i målarsprøyter. Ein plastslange er meir kompakt og lettare enn ein like sterk gummislange. Dermed kan ofte plastslangen vere meir fleksibel. Dessutan kan plastslangen ha syntetisk armering, slik at han til dømes ikkje leier straum. Plast aldrast seinare enn gummi og er lettare å halde rein. Der det går mange slangar har plast den fordelen at ytterste laget er lett å fargekode, slik at du lett kan sjå skilnad på slangane.

Skal oljen både fram og tilbake kan samanbygde slangar vere greie å bruke. Desse blir også kalla fleirleiarar, og finst i mange dimensjonar. Til oljeindustrien har det vore levert fleirleiarar med opp til 37 samanbygde slangar.

Relaterte artiklar

-Finn rett slange: For å få rette slangen må du ta omsyn til mange faktorar. Her får du nokre tips til kva du bør tenke på.

-Koplingar: Det finst to hovudtypar av koplingar, demonterbare og pressbare. Kva er fordelane med dei ulike typene?

-Skader på slangen: Ein slange kan fortelje mykje om seg sjølv med korleis han ser ut. Kva bør du sjå etter?

"