Slå eit slag for slaghaustaren

BRYNE: Både raude og grøn-gule landemerke treng stell. Geir Kyllingstad frå Serigstad har vist oss kva som er viktigast å sjå etter. Så slepp du skumle overraskingar midt i slåtten.

Publisert

(Fra Bedre Gardsdrift nr. 3/1998.)

Knivane

Hjartet i ein fôrhaustar er knivane. Om du ikkje rekk meir, ta deg i det minste tid til å ha gode knivar. Kontroller alle med knivmalen, som du kan få frå dei som sel fôrhaustarar. Det er viktig at alle knivane har lik lengde. Set du inn nye knivar, må også dei slipast til same lengde som dei gamle. Ulik lengde fører til kast, noko som gir større slitasje på lagera. Blir knivane kortare enn knivmalen må dei bytast, for då blir dei for lette til å slå som dei skal.

Hos Serigstad blir knivane slipte på ein fres, men til vanleg meiner Geir Kyllingstad at ein vinkelslipar med pusseskive eller ei smergelskive vil vere høveleg, så sant du unngår blåsliping.

Pass også på vinkelen og forma på sjølve kniven er den rette. Dårlege knivar gir dårlegare kasteevne og dårleg stubbing. Det siste vil du tape mest på, for det reduserer gjenveksten.

Slaglista skal justerast slik at ho har ein til to centimeter i avstand til dei utstrekte knivane.

På multikuttaren er det ekstra viktig med kvasse knivar som er slipte i rett vinkel, og du må å justere inn multikuttarkniven slik det framgår av brukarrettleiinga.

Stengene

Stengene knivane sit opplagra i blir meir slitne enn mange trur. I første omgang fører slitasje her til at knivane vil slå borti motkniven og rotorhuset, og i verste fall kan kniven løsne heilt. Difor må desse stengene bytast viss slitasjen reduserer diameteren med meir enn tre millimeter. Dette er særleg viktig på multikuttaren.

Reimer

Her er rett straming det viktigaste. Midt mellom reimskivene skal dei kunne pressast ned ein centimeter. På vernedekselet finn du oftast eit hol du kan stikke fingrane gjennom for kontroll. Sluring vil gi effekttap, og reimene blir mykje fortare utslitne. Haustaren vi tok føre oss hadde til og med reimer som hadde vrengt seg, og sterkare hint om at det er på tide å byte kan du knapt få.

Det å byte reimer er ein grei operasjon. Du tek av vernedekselet, løyser festeskruen og strameskruen, og resten er plankekøyring.

Føler du at traktoren har krefter til overs når du køyrer fôrhaustaren, kan du vurdere om du skal byte til ei større reimbane. Det vil gi deg høgare rotorfart, og haustaren vil fungere betre. Særleg på ein multikuttar kan dette løne seg. Det same viss du har ein haustar som ikkje gir nok kraft på strålen.

Smørjing

Fôrhaustaren har få, men viktige smørjepunkt. Desse er rotorlagera, reimhjullager og eventuelt friløp. Friløpet kan også sitje på kraftoverføringsakslingen, der du frå før har fire feittniplar og eit profilrør som skal ha sitt. I slåtten bør du fram med feittpressa minst ein gong for dagen, mens du ved sporadisk bruk bør ta runden ein gong i veka.

Funksjonen til friløpet er forresten at rotoren på fôrhaustaren skal kunne svive fritt sjølv om traktoren har kraftuttak med brems.

Mens vi er inne på kraftoverføringsaklsingen, tillet vi oss å vise til Bedre Gardsdrift nr. 8/97, der vi omtaler korleis akslingen skal kappast. Geir Kyllingstad understrekar kor viktig det er å slipe bort gradene etter at du har kappa røra.

Styring

Dei fleste problema med styringa kjem av feil på det elektriske. Ofte kan det vere nok å bøye ut polane i kontakten. Styringa krev minst 10,5 ampere.

Ved oljeskift må du bruke rett olje. Serigstad meiner du skal bruke ein olje som heiter T-22. Andre oljesortar kan virke som lim i ventilane. Når du fyller olje, køyrer du sylindrane heilt inn og fyller heilt fullt. Filteret bør du byte etter 5-6 sesongar, avhengig av bruk, men i alle fall viss det ikkje lenger strøymer olje gjennom det. Difor kan det vere lurt å ha eit i reserve.

Syreutstyret

Ved lagring må du bruke vinterinnstillinga på slangeklemmaren, slik at slangen ikkje blir pressa flat. Ver sikker på at du ikkje har syre i slangane. Haustaren må sjølvsagt ikkje stå med syrekanne på.

Sjølv om slangen får godt stell, vil han morkne etter ei tid. Sjekk dette, og bytt han viss det er naudsynt.

Pass på at det kan gå luft gjennom lufteslangen frå kanna, og at toppen på denne ikkje blir tetta av plastproppen på stålrøret han går opp i.

Trekkramme

Sjekk oljenivået i vinkeldrevet kvar sesong. På dei nyaste trekkrammene er der ein nivåplugg. Desse rammene tar omlag ein liter. Dei gamle er ikkje like gode å kontrollere nivået i, men dei tar i alle fall kring ein halv liter olje. Denne oljen bør du byte etter tre til fire somrar.

For tryggleiken er det viktig at du ser godt over kroklåsen, og særleg fjøra på låseplata. Det finst mange nok skrekkhistorier om tilhengarar som har hoppa av trekkramma på grunn av defekt kroklås. Vi fann også ein heilt nedsliten trekkrok i Serigstad sin verkstad, og vi kunne gjerne tenkt oss ei kik på hengaren denne har slite med. Som ein grov regel tilrår til dømes Foss-Eik at trekkauget ikkje blir tynnare enn 25 mm.

Etter kvar sesong

Etter slåtten bør du ettertrekkje alle skruar. Lause skruar kan gi sprekkar i godset.

Fôrhaustaren bør reingjerast godt, og særleg vil du tene på å setje han inn med olje innvendig. Det finst mange lure idear om korleis dette bør gjerast, utan at Geir Kyllingstad vil tilrå eitt spesielt.

Mange har problem med at ytste framhjørnet på haustaren blir skadd i bratta eller under andre ugunstige forhold. For å unngå det, og eit eventuelt brot på ytste kniven, tilrår Serigstad montering av støttehjul i dette fjerde hjørnet.

Til sist har Geir Kyllingstad eit godt råd for korleis Serigstad sine fôrhaustarar skal køyrast: Med trykk i toppstaget vil framhjulet gå lettare.

Lufttrykket i hjula skal forresten vere kring 3 bar (50 pund).

Powered by Labrador CMS