nh tn95s utstilling N flagg bak 05
nh tn95s utstilling N flagg bak 05

Rekordår i vente

New Holland gjer eit hopp, alle gjer det bra, og i år blir mykje betre enn i fjor. Det er mykje glede i traktormarknaden.

Publisert

Best i november er New Holland, som har kjempa i motgang mykje av året. Å vere framom John Deere og alle andre månaden før jul er sikkert gode greier til indremedisinsk bruk i A-K, ikkje minst når det omsider tar til å sjå ut som om A-K totalt klarer å omsette fleire traktorar med to merke på huset enn dei klarte med berre den blå.New Holland har tapt 50 frå i fjor, som nok i stor grad er overtatt av Case IH. Framleis må vi slå fast at mykje av det tidlegare Case IH-salet er borte.Massey Ferguson er meir enn 100 traktorar framom fjoråret. Om ikkje New Holland finn på noko imponerande effektivt i årets siste månad, er andreplassen sikra. No er det 42 traktorar i skilnad mellom dei to. Tradisjonelt har desember vore ein sterk MF-månad, men på langt nær nok til å nå førsteplassen før rakettane går til himmels. Liten tilbakegang for John Deere

John Deere kjem også i år til å ende på over 1000 registrerte traktorar, om det ikkje blir bom stopp i desember. Merket har hatt ein liten tilbakegang i det siste, og det skuldast nok at mange kundar ventar på 6030-serien. Produksjonen er i gang med å ta seg opp, så konkurrentane har ikkje høve til alt for mange kvileskjær før dei må gi gass att.Årets førsteplass er så suveren som berre det. Avstanden frå JD til MF tilsvarer heile CaseIH pluss heile Zetor.

Valtra er stabil på fjerde. Her er det ikkje mykje sprell. Femteplassen til CaseIH er det vel heller ingen grunn til å spekulere så mykje meir i.Konkurransen mellom McCormick (6.), Claas (7.) og til dels også Fendt (8.) er det større grunn til å vere merksam på. For tida har den engelske eit overtak på seks registrerte traktorar. Claas hevdar i reklamen sin at dei har selt over 200 traktorar i år, men vi tel berre dei som kundane har fått, som altså er registrerte. Der er talet 170. Kor mange fabrikken får ut før året er omme veit vi ikkje før om ein månad. Fendt kan nok kome til å ende på åttande, for avstanden opp til McCormick er på 26 traktorar. Det er likevel ingen grunn til å gråte, for i løpet av heile fjoråret enda Fendt på totalt 130 traktorar. No, med ein månad att av året, er talet 150.2006 vil bli det beste året på svært lenge. Vi tippar på registreringstal over 4300, basert på at det i desember dei seinare åra er registrert over 500 traktorar. I fjor vart det totalt registrert 4025, og fjoråret var eit rekordår.