MF viser tenner

Opp på andreplass, før New Holland, etter årets fire første månader. MF er i støtet. Også Valtra klatrar, mens CaseIH strevar.

Publisert

I april vart det førstegongsregistrert traktorar av 12 merke. Om vi startar på botnen av lista, er det ikkje mange som treng særleg stor kommentar. Nykomar Claas har framleis låge registreringstal, utan at vi seier meir enn at merket framleis er svært ferskt.

Fendt har ein god månad bak seg, McCormick sånn måteleg. Så tar det til å bli interessant. På plassen over McCormick, tilbake på sin typiske femteplass, har vi CaseIH. Tilbake, ja vel, men til no i år berre med halvparten så stor marknadsandel som i fjor. Det er største fallet av alle merke. Nest største fall har A-K-kollega New Holland, som er ned 2,9 prosentpoeng og endar på 14,8. Betyr dette at innføringa av CaseIH får merket til å ete kake som New Holland skulle hatt, eller er det andre grunnar som ligg bak? Svaret får vi når tida går.

Om LMB klarer å få registrert fem fleire Valtra enn A-K klarer New Holland i mai, vil finnen gå opp på tredjeplass. Slik såg det ikkje ut for kort tid sidan. Med andre ord ser det ut til at Valtra gjennom LMB ikkje taper dramatisk mykje i høve til fjoråret, mens New Holland og CaseIH for tida er merka som betaler prisen for endringane i marknaden. Aldeles ille er det likevel ikkje for A-K maskiner, for samla marknadsandel er opp frå 17,7 prosent med berre blå traktorar på same tid i fjor, til 20,6 til no i år.

MF er nemleg på opptur. No har Eiks viktigaste merke andreplassen med god margin, mot fjerdeplass for eitt år sidan, den gongen med pusten av CaseIH i nakken.

Sjølv om Eik legg saman MF og Fendt, klarer dei ikkje meir enn to tredelar av det John Deere presterer. Førsteplassen knyter det seg inga spenning til. Kvar tredje nyregistrerte kjem frå FK. Prosenten er litt opp og ned, men vi vil påstå at her er det stø kurs.

Årets aprilregisteringar er berre tre firedelar av tilsvarande i 2005. For året under eitt er registreringstala ti prosent lågare.

Powered by Labrador CMS