Fartsskrivar, ferdssrkriver
Fartsskrivar, ferdssrkriver

Må skaffe fartsskrivar til traktoren

Kristoffer Østhus må montere farsskrivar i traktoren sin. Vegkontoret viser til ein EU-regel, men i EU finst ingen skivar i nokon landbrukstraktor. Østhus har anka pålegget.

Publisert

Østhus har fått utsettjing på ubestemt tid, fordi han han klaga på vedtaket.

- Vegkontret vil prøve denne saka for å få eit klart svar frå Vegdirektoratet, fortel Kristoffer Østhus. Han har nyleg fått ei grundigare forklaring frå vegkontoret på kor saka står.Anken har enno ikkje nådd fram til rette sakshandsamaren i Vegdirektoratet.Til så lenge kan vi slå fast at norske styresmakter praktiserer regelverket for landbrukstraktorar heilt annleis enn EU, sjølv om den aktuelle regelen har sitt opphav i EU.Her er det Bedre Gardsdrift skriv om saka i BG 1/03:

Fekk pålegg om fartsskrivar

Kristoffer Østhus frå Finnøy vart stoppa i trafikkontroll. Kontrollørane fann berre ein feil på traktor og hengar: Den mangla fartsskrivar! På hengaren hadde Østhus halmballar, som han sel fritt levert til andre bønder i området. Ut frå eit brev sendt av Vegdirektoratet til alle trafikkstasjonane i landet, kan vi lese at:

Dersom traktor og tilhenger brukes til ordinær godstransport på veg, har samlet tillatt totalvekt over 3,5 tonn, har tillatt hastighet over 30 km/t, så skal traktoren ha fartsskriver og følge kjøre- og hviletidsbestemmelsene.

Regelen byggjer på ei såkalla Rådsforordning i EU, som gjennom EØS også gjeld Noreg.

Kontrollørane som stoppa Øvsthus meiner at han driv ordinær godstransport. Sjølv om traktor og hengar saman ikkje kan køyre fortare enn 30 km/h, legg dei konstruktiv fart på traktoren til grunn.

– Fordi halmballane er eit salsprodukt, meiner kontrollørane at eg må ha skrivar. Om eg hadde levert korn til mølla, kunne eg køyrt utan skrivar. Kva skilnaden er på desse tilfella, klarer dei ikkje å forklare, sukkar Kristoffer.

Saksbehandlaren ved Rogaland Vegkontor har stadfesta tolkinga, men oppfordrar Østhus til å klage, slik at saka blir sendt inn til Vegdirektoratet for endeleg avgjerd. Det vil Østhus gjere.

Alt er gods

Saksbehandlaren i Vegdirektoratet som sendte brevet vi har referert til, har hatt ein flokk juristar til å hjelpe seg med regeltolkinga. Desse har kome fram til at køyre- og kviletidsreglane også gjeld traktor, om traktoren driv betalt godstransport, altså fraktar eit produkt som er selt eller skal seljast. Ergo må traktoren ha skrivar.

– Kva er gods?

– Alt som blir frakta er gods, same om det er grus, campingstolar eller halmballar.

På neste spørsmål, om kva som er ordinær godstransport, var ikkje svaret like klart.

Finst ikkje

Bedre Gardsdrift har aldri sett ein skrivar i nokon traktor. Importørane er lamslått over spørsmålet, for dei har heller ikkje sett noko slikt, verken her i landet eller elles i verda. Unntaket er Unimog og nokre svært få andre heilt spesielle traktorar.

AS Fartsskriver, som har spesialisert seg nettopp på slike instrument, har heller ikkje sett nokon ting for traktor.

– Det finst eit instrument som kan registrere om traktoren står i ro eller er i rørsle. Vi kan konstruere ein fartsskrivar for traktor, men det er ingen enkel jobb. Difor vil det bli dyrt, seier Frank Thune i AS Fartsskriver.

Forbikøyrt regel

Vi mistenkjer Vegdirektoratet for å blande gamle traktorreglar med nye lastebilreglar, eller oversjå det som finst av unntak. Er direktoratet si tolking rett, og praksisen i EU feil, må alle bønder som handlar med nokon, og som fraktar dette sjølv, montere skrivar i traktoren om han går over 30 km/h.

Til så lenge kan vi slå fast at det ikkje finst nokon traktor i Europa med fartsskrivar. I Noreg, som følgjer same regelverket, får vi pålegg om å montere det. Vi ventar med å spekulere på korleis køyre- og kviletidsreglane lar seg praktisere i landbruket. Viktig prinsipiell sak

Kristoffer Østhus har levert klage på mangellappen. Saksbehandlaren hos Rogaland Vegkontor vil sende klagen vidare til Vegdirektoratet, fordi det ikkje finst liknande saker frå tidlegare.

Klagen vil lande på pulten til Siri Engebretsen ved trafikkrettskontoret.

– Regelverket er ikkje er klart nok, når slike saker kjem opp. Kva utfallet av klagen blir, kan eg ikkje seie i dag. Når resultatet er klart, kan det eventuelt ankast til domstolane.

Engebretsen lyttar interessert til Bedre Gardsdrifts informasjon om praksis i alle andre land i Europa, og ber BG gi desse opplysningane til Østhus, slik at han tar dei med i klagen sin.

Dette er ikkje første gongen traktorane har trøbbel med trafikkreglane. Det kan du lese meir om her: Traktor og trafikk

Du kan laste ned Bedre Gardsdrit nr. 1/2003 her.

"