Kvesta av Mesta

STRYN: Gjennom 28 år har han ofra seg for å halde vegen open om vinteren, i oppdrag for Statens Vegvesen og seinare Mesta. No er han brått blitt alt for dyr.

Publisert

DENNE ARTIKKELEN ER FRÅ BEDRE GARDSDRIFT NR 6 2006.Jens Hogrenning bur i Lodalen, kjent for to stygge rasulukker. Framleis er rasfaren langs bygdevegen stor. Fleire gongar har han vore nær ved å bli tatt av ras, men han har likevel vore lojal mot oppdragsgivaren sin og stått på for å halde vegen open. Det er ikkje lange stubben det er snakk om. Han brøytar normalt 30 kilometer kvar tur, oftast om natta.Dolka i ryggen Mesta har anbodet på brøytinga. Dei har ikkje utstyr til slikt, og melde inn sitt anbod utan å diskutere med underleverandørane på førehand.

– Mesta var greie før. Sist vinter sa dei lokalt at eg kunne rekne med 30 år i jobben, for då vil gi meg. Eg meiner sjølv at eg gav dei ein grei pris, i tillegg til at eg kjenner veg og vêrteikn. Det er no null verd for Mesta. Det kom tre mann for å diskutere mot meg åleine. Dei to lokale, som støtt har vore greie, sa ingenting. Det var ein frå Bergen som styrte alt. Kravet var at eg skulle ned i 17 kroner pr. kilometer. 40 prosent under mitt bod på 27 kroner, som er mindre enn eg hadde før. Beredskapspengane, ei godtgjersle for å vere klar til å rykke ut døgnet rundt frå september til mai, skulle halverast. Einast pris betydde noko. Det er bittert å bli pressa ut slik etter å ha ofra så mykje gjennom nær sagt heile mitt vaksne liv, slær Hogrenning fast.

– 27 kroner er minimum for at det skal gå rundt økonomisk. Trass alt tar eg på meg å halde vegen open til ei kvar tid, ferdig rydda før seks om morgonen. Ved førre kontrakt signaliserte Mesta at entreprenørane skulle halde brøyteutstyret sjølve. Då kjøpte eg ein spissplog av dei. Etter fire år har eg ikkje bruk for den. Eg kjøpte også ny traktor. Den har eg heller ikkje bruk for, tilliks med snøfresaren og anna utstyr.Uroa for framtida Mesta meiner altså at bonden skal klare seg med kring 500 kroner kvar tur, og det er bruttobetaling som skal dekkje reiskap, traktor, drivstoff, slitasje, forsikring og arbeid, oftast utført om natta, forutan at det skal vere utstyr i reserve.

– Eg har ikkje noko vondt å seie om han som no har fått jobben, men det er klart folk i dalen er uroa over kva som skjer, no som prisen er så pressa. Vi som bur her i inne er avhengige av at vegen er open tidleg om morgonen. Om vegen blir oftare stengt, skaper det store problem både for arbeidsgivarane og for næringsdrivande. Slike omsyn ser ikkje Mesta ut til å bry seg med, dei vil berre ha maks kortsiktig profitt.

Vegdekke var også interessert i anbodet på vegane i distriktet. Dei inviterte alle entreprenørane til felles informasjonsmøte, og la opp til ei ryddig samarbeidsline. Mesta, derimot, legg opp til konfrontasjon og set entreprenørane opp mot kvarandre.Åtvarar mot å skrive brøyteavtale Hogrenning er ikkje den einaste som er dårleg behandla av dei som kjøper brøytetenester. Mange erfarne entreprenørar åtvarar no mot å skrive under avtaler på brøytinga.

– Dette er bondefangeri. Unge, nyetablerte bønder kjøper seg dyrt utstyr med garden i pant, og tar på seg arbeid for prisar som aldri kan forsvare investeringane. Dette er svært risikabelt, og vilkåra i kontraktane er slett ikkje til å leve med, fastslår folk vi har prata med i fleire delar av landet.Har du erfaringar, ta straks kontakt med oss.Les også: - Bastet og bundet. Lederartikkel fra BG 7/06 om snøbrøyting" - Angrar, men kan ikkje seie opp. Samarbeidet med tidlegare Statens Vegvesen gjekk fint. Sånn er det ikkje lenger. "- Arve Fjellkårstad i Stryn vil ikkje fornye avtalen med Mesta utan at avtalen blir vesentleg endra. " - Heller kommunen enn Mesta. Øyvind Myhre mener det er gambling å skrive under på Mestas brøyte avtale.- Ikkje skriv under om du ikkje er heilt sikker på at du verkeleg vil. Erfarne brøytarar frårår å signere for Mesta.

"
Powered by Labrador CMS