Koplingar

Det finst to hovudtypar av koplingar, demonterbare og pressbare. Den demonterbare koplinga viser Jan Dyre-Hansen fram til skrekk og advarsel. Ho toler nemleg ikkje trykket i dagens landbruksmaskiner, og vil difor ryke etter ei tid.

Publisert

Frå Bedre Gardsdrift nr. 6/1997: Ho er dessutan forboden på løftekraner. Den demonterbare koplinga er lett å kjenne att på den kantete utvendige forma. Når ei slik påskrudd kopling blir utsett for nok trykk, bles ho rett av slangen. Dermed raspar ho med seg gummi og kan skade armeringa. Skjer slikt må slangen bytast.

Presskoplingane er vesentleg betre. Ei slik kopling er samansett av to delar: Ein slangestuss med gjengar og ei presshylse. Presshylsa held slangestussen på plass ved hjelp av ein gripekant. Med ei krympepresse blir hylsa pressa til eit bestemt mål. For dei som vil gjere dette sjølve finst det berbare maskiner til ein overkomeleg pris.

Presskoplingane finst i fleire variantar. Dei to viktigaste har hos TESS varenamna ST og IL. ST er standardkoplinga som blir brukt ved moderate trykk og på små slangedimensjonar. Ved større påkjenningar bør yttergummien fjernast før ein pressar på koplinga. Dimensjonane på presshylsa og slangestussen står oppgitt i slangeleverandøren sin katalog.

IL står for Interlock. Denne koplinga er mykje brukt på skogsmaskiner og der påkjenningane er store. IL-koplinga toler betre høge og låge temperaturar, vriding og slag. For at denne skal sitte, må gummien fjernast både på utsida og delvis på innsida av slangen. Rillene på koplingane har berre funksjon som tetting. Det finst ein "svart serie" for maskiner som blir utsette for harde vibrasjonar. Denne serien er ekstra sterk mot utmattingsbrot.

Jan Dyre-Hansen understrekar at ein ikkje må blande komponent frå ulike koplingar og heller ikkje slangar og koplingar frå ulike leverandørar. Grunnen til det er at kombinasjonane som er oppgitte i katalogen skal passe i lag. Berre desse er testa og godkjende.

Sjølvsagt finst det ikkje eitt standardisert gjengesystem. Likevel er gjengane på hydraulikkoplingar lettare å forstå seg på enn mange andre, for diameterskilnaden er markant mellom dei ulike gjengetypane. Med hjelp av ein gjengetabell og ei skisse av tetningsflatene kan du enkelt finne kva gjengetype du har. Slikt finn du i leverandøren sin katalog.

Relaterte artiklar

- Hovudartikkel: Innleiing om ulike typar hydraulikkslangar med deira fordeler og ulemper.

- Finn rett slange: For å få rette slangen må du ta omsyn til mange faktorar. Her får du nokre tips til kva du bør tenke på.

- Skader på slangen: Ein slange kan fortelje mykje om seg sjølv med korleis han ser ut. Kva bør du sjå etter?

"