Kontrollpunkt for taljeanlegg

Kva må du som eigar av eit taljeanlegg tenke på, og korleis bør du inspisere anlegget?

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 1/1999)

Skinner

Skinnene skal vere i ein godkjent profil. Dimensjonen på profilen varierer etter avstanden mellom opphengspunkta. Tønnes Helge Kverneland frårår å kjøpe skinner i metervare frå ein tilfeldig leverandør. Skinnene kan vere skeive eller ha for dårlege toleransekrav. Det gir ujamn belastning av løpekatten. Dessutan skal skøytane i endane av skinnene vere like sterke som sjølve skinna, og dei skal vere presist plasserte.

Oppheng og klemmer

Framleis finn ein anlegg som er monterte med u-boltklemmer. Når desse blir stramma til, vil dei svekke vaieren, og det er fare for at vaieren sklir ut av klemmene om han blir tilstrekkeleg belasta. Dei godkjende vaierklemmene er sterkare enn vaieren, og dei bit til på ein måte som ikkje er skadeleg. Alt etter fabrikat krevst det frå to til fire klemmer for å fylle krava.

Heller ikkje til vaier kan du bruke kva du vil. Denne må ha rette tjukna og vere av ein eigna, sertifisert type. Ståltaurestar frå skogsvinsjen er ikkje lenger akseptert. Dessutan må konstruksjonen taljen blir hengt opp i, tilfredsstille visse krav. Ein vaier som heng på ein stålkonstruksjon eller ligg mot tre, må ha eit vern mot dette, slik at dei ulike materiala ikkje gneg på kvarandre.

Kjetting, krok og løftereiskap

Alle løftedetaljar kontrollerast saman med resten av anlegget. Slitasjen på kjetting og krokar skal målast og godkjennast av kontrolløren.

Bygningen

Den sakkunnige som kontrollerer taljen har ikkje ansvar for bygningskonstruksjonen. Det er det eigaren av bygget som har. I landbruket er det eit problem at mange bygningar manglar papir som viser styrkeberekninga av konstruksjonen. Det er mange krefter som spelar inn, og mange gongar må bygningen vurderast etter skjønn. Hugs at kreftene i ein talje oppunder mønet skal overførast heilt ned i bakken.

Personheis

Krava til godkjenning av personheis er dei same som for taljeanlegg. Det betyr ikkje at taljen kan brukast til personheis.

Inspeksjon før bruk

Desse punkta bør du kontrollere dagleg når du brukar taljen. Reiser du rundt som avløysar, bør du dessutan forsikre deg om at løfteutstyret er kontrollert og godkjent av sakkunnig person.

-Sjå etter sprekkar, deformasjon o.l. på kroken.

-Kontroller at kroksikringa (leppa) og svivellageret på kroken er i orden.

-Kontroller at kjettingen er smurd i heile lengda. Er den ikkje det, blir levetida svært kort.

-Sjekk kjettingen for slitasje og skader.

-Kontroller om nødstoppen fungerer.

-Kontroller om bremsa fungerer.

-Oppstår det unormale lydar under bruk, skal du straks stoppe. Undersøk kva lyden kan kome av for å unngå skade og farlege situasjonar.

-Viss du brukar siloklype, kontroller den for slitasje, sprekkar, deformasjon eller andre skader. Kontroller også om utløysaren på siloklypa fungerer skikkeleg.

Relaterte artiklar

Trygg talje: Altfor mange av taljeanlegga i landbruket manglar sertifisering og godkjenning, trass i at dette er påbode. - Det er bonden sjølv som taper på dette, seier Tønnes Helge Kverneland ved TKS.

"