Kan køyre som før

Det blir verken nye førarkortreglar eller fartsgrenser for traktorar med det første.

Publisert

Den store revisjonen av førarkortforskrifta blir truleg vedtatt i juli komane år, utan at det blir endringar i kven som kan køyre traktor. Vegdirektoratet har innsett at kravet om vogntogførarkort for å køyre traktor med hengar blir feil, og no er dette framlegget lagt på is.

Det same gjeld endringa av definisjonen på traktor, som ville sett ei øvre fartsgrense på 40 km/h. Også denne saka har du lese om fleire gongar i Bedre Gardsdrift. Alle artiklane vi har hatt om desse sakene, pluss ein del bakgrunnsinformasjon, er å finne på www.gardsdrift.no.