jd 8030 front 06
jd 8030 front 06

John Deere Årets traktor

John Deere 8530 kan i heile 2007 smykke seg med tittelen Årets traktor, etter at 20 journalistar frå heile Europa har gitt sine stemmer. Fendt 936 fekk prisen for best design.

Publisert

Også i år vart prisen delt ut under Eima-utstillinga i Italia. Tildelinga gir John Deeres flaggskip rett til å kalle seg årets traktor i heile 2007.Både juryens sekretær og fleire jurymedlemmer streka under at årets finale var svært jamn i toppen, og at det var krevjande å fordele poenga. Det viser at finalistane held eit høgt nivå, og at mange traktorar kan skilte med svært solide eigenskapar. Det var berre nokre få poeng skilnad mellom vinnaren og nummer to.Neste års prisutdeling finn stad under Agritechnica i Hannover, Tyskland.Her er lista over alle i årets finale:Vinnar: John Deere 8530 Best design: Fendt 936 Vario Finalistar: Deutz-Fahr Agrotron 180.7JCB Fastrac 8250Landini Powermaster 220Massey Ferguson 5470 Dyna-4New Holland T8040 Valtra N141 Advance