JD og Valtra i pluss

John Deere og Valtra er vinnarane på traktormarknaden første halvår 2003. Valtra er forbi MF, og sikrar seg dermed tredjeplassen. John Deere er suveren som nummer ein.

Publisert

Rett nok er tala våre henta ei veke før juni var omme, men tendensane er klare. John Deere har størst framgang, med ein auke i marknadsdel på 3,5 prosentpoeng til 25,9. Likevel sel framleis FK langt færre traktorar enn då dei hadde to merke.

Valtra har enno ikkje så høge salstal som nokre år før separasjonen, men har heile tida klatra etter fallet det første året åleine. Med 15 fleire selde traktorar enn i fjor på same tid, tar Valtra 15,4 prosent av marknaden, mot 13,9 i same periode i 2002.

Mellom desse to finn vi New Holland på ein etter kvart velkjent andreplass. Dei blå traktorane har gått litt tilbake, men ikkje så mykje som MF. Den tidlegare bestseljaren har fått ut nesten 17 prosent færre traktorar enn på same tid i fjor. I reine tal blir det 214 mot 257. Av ein eller annan grunn brukar MF å ha ein skikkeleg sluttspurt den siste veka kvart halvår, så resultatet kan vere noko annleis når den offisielle halvårsstatistikken kjem ut.

CaseIH går litt tilbake, frå 7,8 til 7,5 prosent marknadsandel. Fendt og McCormick bit seg fast, og held på kvar sine 3,2 prosent av marknaden.

Av HCP Norge sine traktorar, er Lamborghini og Zetor stabile. Hürliman og Same går tilbake, og sistnemnde er det berre selt to av til no i år. Med Deutz-Fahr, som har hatt ein viss framgang, tar HCP-konsernet hand om 8,2 prosent av den norske traktormarknaden, og med det er dei større enn LMB.

Elles merkar vi oss at JCB har gått frå åtte til 12 traktorar, og Landini frå fem til 11. Belarus går motsett veg, frå 19 til fem. Ursus er i praksis ute, med ein ny traktor registrert til no i år.

Totalmarknaden er litt tilbake, frå 1505 til 1458 traktorar. I og med at storleiken går opp, er nok salet i kroner minst like godt i år som i fjor.

Powered by Labrador CMS