Jamt bra

Også når september er omme, er det registert fleire nye traktorar i 2006 enn tilsvarande i fjor.

Publisert

John Deere låg litt bak fjoråret førre månad, men har no tatt inn det tapte og litt til, som vanleg suverent i tet. MF gjer det framleis godt, men framgangen har stagnert noko. I lista for september månad er MF bak både NH og Valtra. Rett nok berre med tre og fem traktorar. Valtra er nemleg nummer to for september, og New Holland er stadig nummer tre.

Om vi stadig nemner at salet av New Holland og Case IH er lite imponerande, skal vi hugse at dei to merka samla ligg som nummer to bak John Deere.

40 er dårlegare

For tida ligg New Holland stabilt på tredjeplass. Valtra er 35 traktorar bak, MF er 56 framom. Sjølv om det ser ut til at dei fire første plassane er avgjort, er det ikkje tettare enn at vi lar det vere att litt spenning.

Meir spenning på dei neste plassane: Førre månad var det 1,8 prosentpoeng i skilnad mellom dei fire i femteplass-kampen. No er skilnaden 1,6 prosentpoeng. Rekkefølgja på lista for til no i år er uendra, mens september-registeringane har McCormick på topp, før Claas, Case IH og Fendt.

September i år er 40 traktorar dårlegare enn i fjor, men året under eitt ligg 95 framom fjoråret.

Powered by Labrador CMS