Ikkje skriv under...

... utan at du er heilt sikker på at du vil inn i dette. Rådet kjem frå erfarne brøyteentreprenørar som no vurderer for og mot nok ein periode for Mesta.

Publisert

Brøyteavtalen Mesta har sendt til underskrift frå sine underentreprenørar på brøyting er slik utforma at mange kvir seg på å skrive under. Fleire av våre kjelder har frist til å skrive under innan 1. september. Mange vurderer å ikkje signere, avdi avtalen inneheld fleire svært så omdiskuterte punkt.Verst er nok det at Mesta kan seie opp avtalen med deg på ymse vilkår, mens du ikkje kan bryte avtalen utan å bli alvorleg sjuk eller gå konkurs. Går du inn i dette, er du dermed fanga ut avtaletida, utan sjanse til fritak på noko vis.

Meir beredskap

Vidare har mange fått melding om at dei skal vere i beredskap i sju månader, mot tidlegare fem.Traktoren skal vere tilkopla GPS-utstyr som loggar kor traktore er når plogen er senka og i arbeid. Datatilsynet har sagt OK til dette om meininga er å koordinere flåten, men potensielle entreprenørar på stader der slik koordinering ikkje har noko meining, opplever likevel krav om at rørslene deira skal loggførast.Likevel skal det på tradisjonelt vis førast kilometerlister med opplysningar om snø og forhold elles, og det er krav om mobilEnkelte opplever krav om at jobben også skal omfatte å koste skilt, måke reint i leskur og erstatte vegstikker.Gjer du for dårleg jobb, kan du få bøter frå kr 5000 til 200 000.Med kontrakten følgjer også ei lojalitetserklæring som du skal signere.- Mesta sit med bukta og begge endane. Går vi inn i dette, har vi ingen veg tilbake før kontraktstida er ute, seier ein av dei vi har snakka med.

Powered by Labrador CMS